Skatt Øst har trekt konkurskravet mot Global Enviro, med Vegard Sævik på eigarsida.
Konkurskravet var til behandling i Oslo Bygfogdembete i går, men eigarane fann ei løysing som gjorde at selskapet kan halde fram.
Selskapet har utvikla utstyr for avfallshandtering, spesielt matavfall, både i bygg og på skip.
I følgje den sist tilgjenglege reknskapen, frå 2014, har selskapet ei gjeld på 37 millionar kroner og eit udekka tap på 53 millionar kroner.
Aksjeposten på cirka 70 prosent vart seld frå Havila Holding til selskapet Efficax, men Havila-medeigar Vegard Sævik vart med vidare som aksjonær og styreleiar.
Efficax er eigd av Vegard Sævik, Ole Christian Sandberg (medgründer i drikkevatn-selskapet Voss) og Tarjei Gullberg. Dei tre eig ein tredjepart av aksjane kvar. I følgje Sandberg er teknologien og ideen vidareført til Efficax. Global Enviro har ikkje hatt anna aktivitet enn å betale gjeld dei to siste åra, og vil sannsynlegvis bli avvikla i løpet av året, sa han til Dagens Næringsliv.
Havila Holding eig 33,3 % av Bakkar og Berg Media, som står bak NETT NO. Vegard Sævik er styremedlem i Bakkar og Berg Media.
Konkurskravet var til behandling i Oslo Bygfogdembete i går, men eigarane fann ei løysing som gjorde at selskapet kan halde fram.
Arbeidsplassar på Selje
Fram til 2013 hadde Global Enviro produksjon på Selje, men lukkast ikkje å slå gjennom i marknaden.Selskapet har utvikla utstyr for avfallshandtering, spesielt matavfall, både i bygg og på skip.
I følgje den sist tilgjenglege reknskapen, frå 2014, har selskapet ei gjeld på 37 millionar kroner og eit udekka tap på 53 millionar kroner.
Takk for seg
I 2013 sa også Sævik-familiens selskap Havila Holding takk for seg. Havila Holding gjekk inn som medeigar i Global Eviro i 2006 og har i følgje Dagens Næringsliv skote inn fleire titalls millioner kroner i selskapet. I 2013 var Havila Holding ikkje lenger viljug til å skyte inn meir pengar.Aksjeposten på cirka 70 prosent vart seld frå Havila Holding til selskapet Efficax, men Havila-medeigar Vegard Sævik vart med vidare som aksjonær og styreleiar.
Efficax er eigd av Vegard Sævik, Ole Christian Sandberg (medgründer i drikkevatn-selskapet Voss) og Tarjei Gullberg. Dei tre eig ein tredjepart av aksjane kvar. I følgje Sandberg er teknologien og ideen vidareført til Efficax. Global Enviro har ikkje hatt anna aktivitet enn å betale gjeld dei to siste åra, og vil sannsynlegvis bli avvikla i løpet av året, sa han til Dagens Næringsliv.
Havila Holding eig 33,3 % av Bakkar og Berg Media, som står bak NETT NO. Vegard Sævik er styremedlem i Bakkar og Berg Media.
Publisert: 30.06.2016 12:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58