I april blei det meldt oppbod for selskapet Green Enviro, der Havyard Group eigde alle aksjane. I ei beretning til Søre Sunnmøre tingrett frå bustyrar Thomas Lundberg kjem det fram at den direkte årsaka til konkursen var eit skattekrav på 12 millionar kroner.
Skatteetaten la difor på bordet eit krav på til saman 12,6 millionar kroner.
Havyard-sjef Gunnar Larsen har vore dagleg leiar i Green Enviro. Han at storleiken på skattekravet var slik at det ikkje var midlar til å halde fram drifta – men ville ikkje opplyse storleiken på kravet. Då var det heller ikkje kjent kvifor kravet oppstod.
Her ligg bakgrunnen for vedtaket frå Skatteetaten, som meiner grepet var motivert av skatteomsyn –med andre ord at utsiktene til å betale mindre skatt var årsaka til at Havyard overtok eigarskapen.
– Her har Skatteetaten gjort det ein kallar ei gjennomskjæring av det framførbare underskottet, fordi dei meiner det ikkje er forretningsmessige omsyn som ligg til grunn. Selskapet på si side hevdar det motsette, påpeiker bustyrar Lundberg.
Fordi ein klage på vedtaket truleg ville teke lang tid – og ikkje tilført selskapet reelle verdiar, ville dei ikkje gå vidare med saka.
Dei siste åra blei det jobba med å tilpasse metoden til oppdrett og fiskeri. MMS First Process gjekk i sin tid inn i selskapet fordi dei håpte det kunne vere ein inngangsbillett til oppdrettsnæringa på land – som vart sett på som eit satsingsområde, ifølgje beretninga til tingretten.
Som kjent har Havyard-konsernet hatt store finansielle utfordringar i det siste. Difor skal det ikkje ha vore mogleg å satse vidare som planlagt med Green Enviro. Konsernet skulle eigentleg offentleggjere og ha generalforsamling 3. juli. No er medan selskapet jobbar med ei restrukturering av konsernet.
Sævik-familien sitt selskap, Havila Holding, har også tidlegare vore inne på eigarsida, men gjekk ut i 2013. Ifølgje Dagens Næringsliv hadde dei då skote inn fleire titals millionar kroner i satsinga.
Buystyrar peiker på at eigenkapitalen har vore negativ sidan 2018. Samla gjeld då selskapet blei teke innunder konkursbehandling, var på drygt 19 millionar.
Kontoinnskott på drygt 1,6 millionar i selskapet gjer at det blir noko dekning for krava, og bustyrar Lundberg reknar med å avslutte bubehandlinga innan kort tid.
Gjorde om skatteutrekninga
Grunnlaget for kravet er at skatteetaten i april i år vedtok at selskapet ikkje fekk nytte eit framførtbart underskott for å redusere inntektene tilbake i 2016. Det gjorde at inntektene for dette året auka frå ei krone – til 48,6 millionar.Skatteetaten la difor på bordet eit krav på til saman 12,6 millionar kroner.
Havyard-sjef Gunnar Larsen har vore dagleg leiar i Green Enviro. Han at storleiken på skattekravet var slik at det ikkje var midlar til å halde fram drifta – men ville ikkje opplyse storleiken på kravet. Då var det heller ikkje kjent kvifor kravet oppstod.
Les også:
Havyard tok over eigarskapen
MMC First Process kjøpte i 2016 aksjane i det som den gong heite Global Enviro. Då Havyard selte sin aksjepost i MMC First Process i fjor – skifte selskapet namn til Green Enviro – og aksjane blei overført til Havyard.Her ligg bakgrunnen for vedtaket frå Skatteetaten, som meiner grepet var motivert av skatteomsyn –med andre ord at utsiktene til å betale mindre skatt var årsaka til at Havyard overtok eigarskapen.
– Her har Skatteetaten gjort det ein kallar ei gjennomskjæring av det framførbare underskottet, fordi dei meiner det ikkje er forretningsmessige omsyn som ligg til grunn. Selskapet på si side hevdar det motsette, påpeiker bustyrar Lundberg.
Fordi ein klage på vedtaket truleg ville teke lang tid – og ikkje tilført selskapet reelle verdiar, ville dei ikkje gå vidare med saka.
Ville satse mot oppdrett og fiskeri
Selskapet blei starta i 2002 og selte maskinar som kunne gjere om matavfall til jord, ved at denne blei kverna og fett blei fjerna. Det blei i første rekke brukt i hotellnæringa og storkjøken.Dei siste åra blei det jobba med å tilpasse metoden til oppdrett og fiskeri. MMS First Process gjekk i sin tid inn i selskapet fordi dei håpte det kunne vere ein inngangsbillett til oppdrettsnæringa på land – som vart sett på som eit satsingsområde, ifølgje beretninga til tingretten.
Som kjent har Havyard-konsernet hatt store finansielle utfordringar i det siste. Difor skal det ikkje ha vore mogleg å satse vidare som planlagt med Green Enviro. Konsernet skulle eigentleg offentleggjere og ha generalforsamling 3. juli. No er medan selskapet jobbar med ei restrukturering av konsernet.
Sævik-familien sitt selskap, Havila Holding, har også tidlegare vore inne på eigarsida, men gjekk ut i 2013. Ifølgje Dagens Næringsliv hadde dei då skote inn fleire titals millionar kroner i satsinga.
Selte «innmaten» i selskapet
Det har ikkje vore drift i Green Enviro dei siste to åra, og selskapet hadde ingen tilsette på konkurstidspunktet. I fjor blei «innmaten» i selskapet selt til tidlegare dagleg leiar, som då overtok service på maskinane som var selt tidligare.Buystyrar peiker på at eigenkapitalen har vore negativ sidan 2018. Samla gjeld då selskapet blei teke innunder konkursbehandling, var på drygt 19 millionar.
Kontoinnskott på drygt 1,6 millionar i selskapet gjer at det blir noko dekning for krava, og bustyrar Lundberg reknar med å avslutte bubehandlinga innan kort tid.
Les også:
Ny finansdirektør i Havyard:
Dei meiner det ikkje er forretningsmessige omsyn som ligg til grunn. Selskapet på si side hevdar det motsette
Publisert: 10.06.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58