Lars Einar Riksheim Erna Solberg Innovern foto Ogne
LITE SYNLEG: Tidlegare statsminister Erna Solberg på besøk hos munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven i koronatida. Ho satsar på å kome tilbake i statsministerstolen, men først er det kommunevalkamp og no har ho fått ein kystaksjon i partiet mot grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skatteoppgjer innad i Høgre

Høgrefolk lagar resolusjonar til sitt eige landsmøte for å vinne fram med krav om skattekutt. Kva er det som skjer?

05.03.2023
ANALYSE:

Denne veka offentleggjorde sju fylkeslag i Høgre, frå Agder i sør til Troms/Finnmark i nord, ein felles resolusjon mot den nye grunnrenteskatten som Ap/Sp-regjeringa vil pålegge oppdrettsnæringa.

Det mest interessante med resolusjonen er at fylkeslaga i Oslo, Viken, Innlandet og Telemark/Vestfold ikkje er med. Her bur det som kjent mange, og kva som kjem ut av resolusjonen når Høgre har landsmøte 24-26 mars er langt frå sikkert.

Sentralstyremedlem, fylkeslagsleiar og Høgre sin ordførerkandidat i Ålesund, Monica Molvær, er initiativtakar til resolusjonen.

Tidlegare denne veka sa Molvær til NETT NO at ho ikkje har opplevd den politiske skillelina mellom kyststrøka og austlandsområdet som ubehageleg tidligere, men la ikke skjul på at situasjonen er utfordrande om dagen.

– Eg opplever at det er veldig forskjellig kunnskap om kva dette betyr, og konsekvensene har ikkje kome tydeleg nok fram for alle politikarar, sa ho.

I samband med resolusjonen kom Molvær også med ein annan bodskap:

"Mange har etterlyst ei tydelegere stemme fra Høgre i denne saka".

Partileiar Erna Solberg vil sikkert protestere, men har du eigentleg sett så mykje til partileiaren i Noregs største parti dei siste åra?

Alle hobbyspelarar i tennis veit at du ofte ikkje treng å vere god for å vinne. Det er nok å greie å dytte ballen over nettet og treffe banehalvdelen på andre sida, så vil motstandaren til slutt gjere ein feil - og du får poenget. Enda betre er det om motstandaren ikkje eingong klarer å sette i gang spelet, men slår serven ut eller i nettet.

For Ap/Sp-regjeringa ser det tidvis ut som om den ikkje eingong klarer å rekke fram til bana tidsnok til kampen, men skal Høgre basere den komande kommunevalkampen berre på at Støre og Vedum klønar det til?

Det er risikabelt. Det ser ikkje slik ut nett no, men stemninga kan snu. Å dytte ballen tilbake-strategien er berre god inntil du møter ein motstandar som slår hardt og presist nok til at du ikkje når tak i ballen.

Mange stemmer dessutan for noko, ikkje berre mot noko.

Kva vil Høgre til dømes gjere med dei skatteaukene som Ap/Sp- allereie har innført og foreslått, og kor fort vil partiet eventuelt gjennomføre dei endringane?

No kan eit nytt initiativ, med Knut Flakk og Hofset Roger Hofseth i spissen, rive til seg initiativet i skattedebatten. Deira folkeaksjon for norsk eigarskap skal ha "kickoff" i Atlanterhavsparken 20. mars og har allereie oppnådd nasjonal merksemd.

Ein aksjon for å få avvikla formuesskatten spesielt og redusere skatt på næringslivet generelt, har neppe same velgarpotensiale som aksjonane mot bompengar i førre kommuneval.

Men spora frå den gang burde har gitt inntrykk. I Bergen fekk kommunevallista til Nei til mer bompengar 16,7 prosent av røystene i 2019, i Oslo 5,8 prosent.

Misnøya som kanaliserte seg inn i bompengeprotestane vart ei politisk kraft som dei store politiske partia ikkje tok sjansen på ignorerer. Tidvis var det bompengeprotestantane som dikterte valkampen.

Flakk og Hofseth har ikkje ambisjonar om å stille til val, men å sette dagsorden. Lukkast dei kan aksjonen bli eit symbol for all misnøye med skatte- og næringspolitikken. Då kan det bli ei oppslutning som gjer at det er Flakk og Hofseth-aksjonen som styrer spelet.

Om Høgre då er eit utydeleg parti, eller til og med blir oppfatta som eit parti som på sentralt hald er for grunnrenteskatten fylkeslaga ikkje vil ha, vil partiet ikkje klare å profittere på skattemisnøyen.

Tradisjonelt er skatt eit sterk kort i Høgre sine valkampar. Det komande landsmøtet vil vise om partiet klare å behalde det kortet, eller spelar det bort.

Publisert: 05.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 13.03.2023 18:18

Mer om