Nordlys IKKE GJENBRUK innfelt monja mjelva
INGEN NORDLYS-SATSING: Hotel Union-direktør Monja Mjelva i Geiranger fortel at dei marknadsfører dei seg med lys frå blåtimen, i staden for nordlys. Foto: Gaute Bruvik/Innovasjon Noreg/Kjetil Haanes
Nytt

Skeptisk til å selje nordlys til turistar

Større sjanse for himmelsk fargespel i sør. Men reiselivsbransjen meiner det er for risikabelt lokkemiddel.

12.11.2024

(NPK-Peder Skjelten): Nordlysturistar legg igjen meir pengar enn andre turistar og kan skape heilårsarbeidsplassar i distrikta. No er vi òg inne i ei tid med uvanleg mykje nordlys i Sør-Noreg, men reiselivsnæringa der synest det er for risikabelt å selje noko som ikkje alltid er der.

Nordlyset er ikkje berre eksotisk for oss nordmenn. Spesielt utanlandske turistar er interesserte i lysfenomenet, men har i alle år stort sett trekt nordover i Noreg for å sjå det magiske lyset på himmelen.

No er vi inne i ein periode med meir nordlys i Sør-Noreg enn kva som er vanleg, som gir ei moglegheit for reiselivsnæringa i landsdelen til å lokke til seg fleire nordlysturistar – i ei tid på året då det elles er få kundar. 

Men næringa er skeptisk til å selje noko som er vanskeleg å føresjå om vil vere tilgjengeleg eller ikkje.

Dei synest det er som å vere i ein film
Monja Mjelva

Administrerande direktør Monja Mjelva ved Hotel Union i Geiranger fortel at dei har opplevd ein auke i turistar som kjem i skuldersesongen mot vinteren. I november har dei mellom anna gjester frå Kina og Singapore.

– Turistane seier at berre det å vere i naturen her på denne tida av året, med snøen, fjella og lyset, er uverkeleg. Dei synest det er som å vere i ein film, seier Mjelva til Nynorsk pressekontor.

Mange utfordringar
Det er ingen nordlys-satsing ved hotellet hennar. I staden marknadsfører dei seg med lys frå blåtimen, som dei kallar «fjordlyset». Å marknadsføre seg mot noko nytt, vil ta tid, meiner ho.

– Reiselivet sel produkt. Det tek tre år å få til eit produkt. Først skal det inn til turoperatørane, som skal få det inn i reisepakkar, som skal til reisebyråa, som så får det ut til kundar.

Eit anna problem er at det er vanskeleg å marknadsføre noko som ikkje alltid er tilgjengeleg å sjå på himmelen, spesielt på Vestlandet, der det også er utfordringar med å halde samferdselen open.

– Det er vanskeleg å selje eit sesongprodukt på vinteren, dersom det er usikkert om vegen eller tunnelen er open, eller ferja går.

Godt betalande turistar
I Innovasjon Noregs turistundersøking frå 2019, står det at turistar som reiser til Noreg for å sjå nordlys i snitt brukar 2640 kroner i døgnet, i motsetning til andre vinterturistar som brukar 1670 kroner i snitt.

Andre funn i undersøkinga viser at nordlysturistane er meir interesserte i å fordjupe seg i lokal kultur og livsstil, besøkje attraksjonar og museum og dessutan å få kontakt med andre – samanlikna med andre vinterturistar.

Njål Gulbrandsen er forskar ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø, og seier at det er meir vanleg med nordlys enn mange er klar over.

– Men vi må skilje mellom årsaka til nordlyset og det at folk ser nordlys eller ikkje. Nordlys er lada partiklar som kjem ned langs jordas magnetfeltlinjer og kolliderer med jordatmosfæren. Dette kan skje når som helst på året, men om sommaren er det for lyst i Noreg om natta til at vi kan sjå det. På andre tider av året kan det vere overskya slik at ein ikkje ser nordlyset sjølv om det er der, forklarar han.

Mykje må klaffe
Og å tiltrekkje seg turistar som skal sjå nordlys er krevjande. Ikkje berre er det vanskeleg å leggje til rette for at turistane kjem når det er nordlys, vi er no inne i ein uvanleg aktiv periode med nordlys i Sør-Noreg, som berre varer nokre få år til.

Omtrent kvart ellevte år går ein ny solsyklus i gang. I denne perioden byter den magnetiske nord- og sørpolen til sola plass. Midt i syklusen blir ein topp nådd, før nordlysaktiviteten dalar igjen. Ved denne toppen er sjansen for solstormar størst, og med det ein periode med meir nordlys i Sør-Noreg.

Syklus 25 starta rundt år 2019 og vil nå toppen i 2025.

– Vi er no nær toppen av 11-årssyklusen. Det betyr av vi forventar nordlys i Sør-Noreg oftare enn ein gong i månaden, seier forskar Gulbrandsen.

Skal du vere så heldig å sjå nordlys på himmelen må det vere mørkt og klart. Derfor er det mest vanleg å sjå nordlys i vinterhalvåret når det er lange netter og korte dagar.

I tillegg er det ein periode på hausten og våren der nordlys har lettare for å trekkje sørover og bli meir spektakulært.

 

Vanskeleg å planleggje 
Gulbrandsen seier det er vanskeleg å planleggje for å sjå nordlys. Det er i alle fall mange ting som skal klaffe om ein familie tek ferie i Noreg med det som mål.

– I Nord-Noreg er nordlys såpass vanleg at det viktigaste er vêret. Det kan vere greitt å vere ein stad der du lett kan reise anten innover i landet eller ut mot kysten alt etter kvar det er klarvêr. Det kan også vere greitt å finne ein stad der det er litt mørkt. Nordlyset varierer veldig i styrke, og av og til kan det vere så svakt at du ikkje ser det viss du er i eit område med mykje lys.

– Kor stor sjanse er det for at det blir mange skuffa turistar i Sør-Noreg om dei kjem for eit lengre opphald utan å sjå nordlys?

– Det er alltid ein fare, så eg synest ein bør satse på fleire opplevingar, ikkje berre nordlyset. Det vil også berre fungere dei neste to-tre åra, for etterpå vil sol-aktiviteten gå ned igjen og nordlys i Sør-Noreg bli meir sjeldan – i alle fall sjeldnare enn ein gong i månaden.

– Når det er sagt så hadde det vore fint om fleire reiselivsaktørar kunne bli pådrivarar for å få litt mindre lysforureining. Vi har ein tendens til å lyse opp alt her i landet om vinteren og det er veldig få stader ein ordentleg kan sjå stjernehimmelen. Det kunne vorte ein turistattraksjon i seg sjølv viss ein til dømes kunne sjå Mjølkevegen, i tillegg til at ein då sjølvsagt mykje lettare kunne sjå nordlyset når det kjem.

Jo lenger sør ein kjem jo viktigare kan det vere å ha god utsikt nordover. Nordlyset er hovudsakleg 100–300 kilometer oppe, så fenomenet går an sjå på lange avstandar viss forholda er gode.

– Kvar i Noreg er det best å sjå nordlys?

– Nord-Noreg er nok der det er enklast å sjå nordlys om natta, om vêrtilhøva ligg til rette for det. Område med mykje klarvêr kan vere betre. Til dømes så har vi erfaring med at det er meir klarvêr i Skibotn enn i Tromsø, så det kan vere lettare å sjå nordlys der.

(©NPK)

Publisert: 12.11.2024 12:27

Sist oppdatert: 12.11.2024 12:27

Mer om