Stig Remøy Fosnavåg næringsteft
Nytt

Skipssal sikra milliardoverskot

Stig Remøy frå minus til 1,2 milliardar i pluss.

13.06.2023

Stig Remøy sitt holdingselskap, SRR Invest, fekk eit resultat på 1,2 milliardar kroner i 2022, skriv selskapet i ei pressemelding.

Tilsvarande tal for 2021 var minus 76 millionar kroner.

Drifitsinntekter er ikkje opplyst. I 2021 var driftsinntektene til konsernet 857 millionar kroner.

Gjelda er redusert med omlag ein milliard, til 2,1 milliardar kroner, står det også i pressemeldinga. Samstundes aukar eigenkapitalen tilsvarande, mykje på grunn av realisasjon - som betyr sal av verdiar i selskapet.

Eit selskap i SRR Invest-konsernet, heileigde Olympic Seafood, selde i fjor Olympic Prawn med tilhøyrande kvotar til Nordic Wildfish, for ein ikkje oppgitt pris.

Forventningar
Stig Remøy har forventningar om auka inntening framover.

"Innenfor de fleste segmenter har utviklingen vært veldig positiv, og min vurdering er at dette bare er begynnelsen på en periode med økende aktivitet både på Subsea og vind. På nyåret er det inngått kontrakter på over 2 milliarder kroner med marginer på rekordnivå. Dette vil gi en betydelig økning i kontantstrømmene fremover. Innenfor det marine ser vi vekst og de som er lengst fremme i satsingen på bærekraft vil bli vinnerne", seier Remøy i pressemeldinga.

Skiftar namn
No skiftar Stig Remøy namn på SRR Invest, til Olympic Group. Namneskiftet knyter selskapet tettare til "blue energy"-begrepet som selskapet har utvikla, ifølgje pressemeldinga.

Olympic Group omfattar både subseaskipa (som er bygd for operasjonar på havbotnen), vindkraftfartøy og Remøy si satsing på krillfiske i Antarktis.

Publisert: 13.06.2023 09:06

Sist oppdatert: 13.06.2023 09:21