Keel laid for Olympic yno 319 CSOV
GDYNIA: Øystein Kvalen frå Ulstein Verft og Olympic sine representantar, Rune Grande og Runar Stave, inspiserer første blokk til Olympic-skipet. Foto: Ulstein Verft
Nytt

Arbeidet på Olympic-skipa er godt i gang

Det kan verte to skip til frå Ulstein til Herøy. Gir mykje arbeid ved verftet før første skrog kjem.

16.03.2023

- Som eit lokalt reiarlag har det vore viktig for oss å satse på den maritime klynga. Med verft, designar, leverandørar og Vartdal Invest som medinvestor er dette eit prosjekt med sterk lokal forankring.

– For oss vil det vere avgjerande at fartøya vert leverte til rett tid og kvalitet, og dette er det Ulstein Verft er kjende for.

Det seier konsernsjef Stig Remøy i Olympic Group i samband med at skrogbygginga har starta ved Crist-verftet i Gdynia på to av havvindserviceskipa Olympic har bestilt ved Ulstein Verft.

Sikrar mykje Ulstein-arbeid
Medan dei to fartøya blir bygde på skrogverftet, vert det i Ulstein arbeidd med prosjektleiing, planlegging og oppfølging, innkjøp og engineering. Det første skroget blir forventa å kome til Ulstein Verft i siste kvartal i år for utrusting og ferdigstilling.

Fartøya er baserte på Ulstein SX222-designet. Dei har hybrid batteridrift og er førebudde for metanol som drivstoff for å gjere nullutslepp mogleg.

Ulstein Verft viser i ei pressemelding til Rederiforbundet sitt årlege økonomiske barometer der ein forventar at den største veksten i kontraktsplanar vil kome innan offshore service.

Runar Stave Rune Grande and Jakub Sobotko CRIST
SEREMONI: Runar Stave og Rune Grande i Olympic, saman med Crist sin prosjektleiar Jakub Sobotko. Medan skrogbygginga går føre seg ved Crist, pågår prosjektleiing, oppfølging, engineering og innkjøp i Ulstein-selskapa.. Foto: Ulstein Verft

Kan verte 84 skip
I 2020 vart det samla talet potensielle nybygg i dette segmentet sett til 25 skip, medan dette talet no har stige til 84 skip. Ein stor del vil vere fartøy til havvindindustrien. Kontrakten mellom Olympic og Ulstein vert framheva i årets barometer.

Barometeret slår òg fast at den maritime næringa har store ambisjonar om ei grøn omstilling: Skal Norge behalde posisjonen som verdsleiande på maritim innovasjon, vert det kravd framoverlente reiarlag, framifrå maritim kompetanse, og ein teneste- og leverandørindustri som er rigga for å levere dei løysingane vi er avhengige av for å lukkast. Men den viktigaste forutsetninga for ei sterk og innovativ maritim næring er at vi har ambisiøse politikarar som legg til rette for vekst og omstilling gjennom stabile og konkurransedyktige rammevilkår, skriv Ulstein Verft i pressemeldinga.

- Eg støttar dette fullt ut, seier konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, i pressemeldinga.

- Ein ordre ved eit norsk verft gir viktige ringverknader i heile klynga. Med det noverande krevjande økonomiske og politiske landskapet, er kontraktane med Olympic eit resultat av eit pragmatisk og godt samarbeid mellom partane, der begge partar har strekt seg langt for å finne gode og berekraftige løysingar.

Innreidde for 126 personar
Olympic-fartøya har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Dei har plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar. Skipa er førebudde for framtidige krav på havvindfelta. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Skipa er førebudde for metanoldrift og det er sett av plass for ytterlegare batterikapasitet for heilelektrisk drift når infrastrukturen til lading har kome på plass.

Ulstein Verft viser til at skrogforma og det hybride framdriftssystemet sikrar høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert miljøavtrykk.

Desse kontraktane er viktige òg for Ulstein Power & Control AS som skal levere ei omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse.

Publisert: 16.03.2023 13:17

Sist oppdatert: 23.06.2023 22:48

Mer om