NPK-NTB: Medan Noreg har planar om den første parken for flytande havvind i 2022, opna Skottlands første for to år sidan. Yrkesfiskarar fryktar tap av fiskeriområde.
For to år sidan opna Equinor havvindparken Hywind Scotland. Det var den første parken i verda for flytande havvind og produserer straum til om lag 20.000 husstandar. Skottland har planar om fleire utbyggingar, skriv Klassekampen.
I Noreg har vindkraft til havs vorte peika på som ei industrimoglegheit og ei løysing for å unngå konfliktfylte utbyggingar på land.
Den skotske organisasjonen for kvitfiskprodusentar SWFPA åtvarar og meiner det ikkje er gode døme på sameksistens mellom kommersielt fiske og vindparkar til havs.
– Den største frykta vår er at det ikkje er nokon stad å fiske igjen, fordi sjøen blir fylt av vindmøller og andre næringar som oppdrett, seier Femke de Boer i organisasjonen til avisa.
De Boer oppmodar norske fiskarar til å bestemme seg for kva fiskefelt ein absolutt vil behalde og kva det er greitt å gi slepp på.
Hywind Tampen, Noregs første vindpark til havs, skal etter planen sørgje for fornybar straum til oljefelta Snorre og Gullfaks frå 2022.
Olje- og energidepartementet opplyser til Klassekampen at planane er til behandling og at dei «gjennomgår den normale saksbehandlinga for utbyggingssaker under petroleumslova».
For to år sidan opna Equinor havvindparken Hywind Scotland. Det var den første parken i verda for flytande havvind og produserer straum til om lag 20.000 husstandar. Skottland har planar om fleire utbyggingar, skriv Klassekampen.
I Noreg har vindkraft til havs vorte peika på som ei industrimoglegheit og ei løysing for å unngå konfliktfylte utbyggingar på land.
Les også
:Den skotske organisasjonen for kvitfiskprodusentar SWFPA åtvarar og meiner det ikkje er gode døme på sameksistens mellom kommersielt fiske og vindparkar til havs.
– Den største frykta vår er at det ikkje er nokon stad å fiske igjen, fordi sjøen blir fylt av vindmøller og andre næringar som oppdrett, seier Femke de Boer i organisasjonen til avisa.
De Boer oppmodar norske fiskarar til å bestemme seg for kva fiskefelt ein absolutt vil behalde og kva det er greitt å gi slepp på.
Hywind Tampen, Noregs første vindpark til havs, skal etter planen sørgje for fornybar straum til oljefelta Snorre og Gullfaks frå 2022.
Olje- og energidepartementet opplyser til Klassekampen at planane er til behandling og at dei «gjennomgår den normale saksbehandlinga for utbyggingssaker under petroleumslova».
Publisert: 11.02.2020 10:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51






