Ali Husein Hareid Tekstil Alesund foto Marius
AUKA ETTERSPURNAD: Ali Husein fortel at fleire vil ha fiksa båtkalesjene sine. Det gjer meir å gjere for skreddaren som no opnar avdeling i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Skreddar utvidar med Ålesund-avdeling

Fleire som vil ha fiksa båtkalesjer gir vekst. No håpar Husein Ali på fleire firmakundar.

Marius Rosbach
10.02.2025

Husein Ali utvidar verksemda til Ålesund etter å ha drive Hareid Tekstil i drygt fire år. 

Komande helg opnar skreddaren dørene i dei nya lokala i Rådstugata 3. Han har allereie fått god tilbakemeldingar på valet fortel han.

– Eg har fått høyre frå mange i Ålesund at dei kunne tenke seg å vere kundar, men dei synest kanskje det er litt langt eller dyrt å reise til Hareid. Då kan eg heller kome hit, fortel han til Nett No.

Har tilsett ein person ekstra
Skreddaren har tilsett ein person på Hareid, som gjer at han kan ta turen over til Ålesund for å halde ope der også. 

– Saman kan vi fikse alt mogleg. Båtkalesjer, møblar, sko, kle – og mykje anna, fortel han. 

Ei investering som utvidar kapasiteten, er ein nyinnkjøpt spesialmaskin for å sy båtkallesjar. 

Ali fortel at dette er ein marknad der han opplever større etterspurnad. Det er samtidig ein marknad som svingar i takt med fritidsbåtsesongen. 

Ali Husein Hareid Tekstil Alesund foto Marius 2
SENTRALT: Ali Husein er klar for å ta i mot kundar ved skreddaravdelinga sentralt i Ålesund. Han skal også halde ope på Hareid vidare. Foto: Marius Rosbach

I fjorårets Nett No-magasin fortalde Husein Ali at han ofte såg folk kaste noko han kunne ha reparert og han har fiksa møblar som har vore både 70, 80 og 90 år gamle. 

Slitte møblar ser gjerne heilt nye ut etter at skreddaren har teke seg av dei.

Satsar på fleire bedriftskundar
De fleste av kundane til skreddaren er private. No håpar han fleire bedrifter får auga opp for å nytte tenestene hans for å vedlikehalde inventar på arbeidsplassen. 

– Både på skip, flyplassar, sjukehus og andre institusjonar er det møblar som blir øydelagt, seier han. 

Skreddaren tilbyr gjerne faste avtalar med månadsvis betaling for både private og næringslivskundar som har behov. 

Ali Husein Hareid Tekstil Alesund foto Marius 3
TRAVELT: Ali Husein har nok å gjere før opninga i Ålesund laurdag. Til høgre ei ny spesialmaskin for saum av båtkalesjer. Foto: Marius Rosbach

Verneverdig handverksfag
Ali tilhøyrar eit yrke det er blitt færre av og herreskreddar står på lista til Utdanningsdirektoratet over verneverdige tradisjonshandverksfag. 

Kurdaren frå Syria starta som skreddar i heimlandet for over 30 år sidan. I 2015 kom han til Noreg. 

Han legg ikkje skjul på at det har vore ei utfordring å skaffe nok arbeid på ein mindre plass som Hareid. Samtidig opplever han at fleire har fått auga opp for at det både er enkelt og økonomisk å reparere, i staden for å kjøpe nytt. 

No er Ali spent på responsen på Ålesund-avdelinga framover. 

– Eg trur det blir bra, og starta planlegginga allereie for rundt eitt år sidan, seier han.

Publisert: 10.02.2025 11:20

Sist oppdatert: 10.02.2025 11:20

Mer om