Torskeyngel foto npk ntb 11
MEIR VARIASJON: Det er store moglegheiter for oppdrett av andre artar enn laks i framtida. Bransjen er allereie i gong med torsk, som ein ser yngel av på bilde. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Vanskeleg å lukkast med oppdrett av fleire artar

– Det tok 30 år før laksen vart ein etablert industri, påpeiker forskar.

10.05.2021

(NPK-Kari Hamre): Norsk sjømatnæring har ein ambisjon om å femdoble verdiskapinga fram mot år 2050. Den veksten kan ikkje laksebransjen stå for aleine, men det er håp om å finne fleire artar ein kan lykkast med å ale opp langs norskekysten.

– Vi er heilt i starten av å drive dyrking i den blå åkeren. Det finst eit mangfald av moglegheiter innan akvakultur, og det er eit stort potensial for å ale opp nye artar langs kysten, sa forskar Lars Olav Sparboe ved Akvaplan-niva i Tromsø på eit webinar i regi av Intrafish.no, Fiskeribladet og TekFisk nyleg.

Vi har ei rekke fiskeartar som i sum kan utviklast og utgjere betydelege verdiar og volum
Lars Olav Sparboe

30 nye oppdrettsartar?
For eitt år sidan vart det laga ein rapport av ei ekspertgruppe frå Akvaplan-niva AS, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for vassforsking og Samfunns- og næringsforsking, som lista opp 30 artar som kan vere aktuelle for oppdrett i Noreg.

Lars Olav Sparboe var med i denne gruppa og trur at når vi kjem nokre år fram i tid, er det kome opp marine artar som kan konkurrere med laksen på middagsborda våre.

– Når vi ser på dei store trendane i verda i dag i forhold til miljø, berekraft, behov for mat, klima og det potensialet som ligg i å dyrke i den blå åkeren, så er det ikkje tvil om at vi står heilt i starten. Men vi har ei rekke fiskeartar som i sum kan utviklast og utgjere betydelege verdiar og volum. Vi har også artar lenger ned i næringskjeda som kan utnyttast, sa Sparboe.

Tidkrevjande å lykkast
Ein av grunnane til at vi ikkje er komne så langt enno på dette området, er at det er krevjande å utvikle nye artar i oppdrett.

– Det kan ta lang tid. Det tok 30 år før laksen vart ein etablert industri. Biologien til artane er den store utfordringa. Ein må lære seg kva miljøpreferansar arten har, reprodusering, ein må handtere sjukdom og så vidare. Men vi er blitt så mykje betre no på alle felt innan havbruksnæringa, så eg trur det kan vere lettare å lykkast i dag, sa Lars Olav Sparboe.

Han syntest det var vanskeleg å seie noko om kva spesifikke artar det er størst potensial for å satse på, fordi det har mykje med kor mykje ressursar ein er villig til å setje inn.

Han har derimot tru på torskeoppdrett og kveiteoppdrett, i tillegg til at ein mellom anna er kommen langt innan oppdrett av røye, flekksteinbit og blåskjel, og kamskjel- og østersyngel.

Lære av laksenæringa
– At laksenæringa vart så stor, har mellom anna å gjere med at det har vore ein felles innsats mellom forsking, styresmakter og næringsaktørar. Same suksessformel vil nok gjelde for nye artar også. Laksenæringa har stor kompetanse, infrastruktur, marknadskanalar og kunnskap som kan nyttast også på nye artar, sa forskar Sparboe.

Både kveiteselskapet Nordic Halibut og torskeselskapet Norcod har framtidstru og er godt i gang, trass i at andre for nokre år sidan mislykkast stort med oppdrett av desse artane her i landet, og det vart tapt mange pengar.

På Nordvestlandet driv Statt Torsk i dag to oppdrettskonsesjonar i Vanylven og planlegg anlegg fleire stader i regionen. Selskapet steig 125 millionar på kort tid, etter børsnotering i april. Etterpå har aksjeverdien gått ned.

Avlsarbeid er utfordrande og tek lang tid
Edvard Henden

Knekt koden på kveite og torsk
– Avlsarbeid er utfordrande og tek lang tid. Det er viktig å hugse på at laksenæringa også har brukt tid på å kome dit dei er i dag. Kveite er ein komplisert art å ale opp, men no har vi 24 år med genetikk bak oss og har klart å få fram ein type kveite som passar til oppdrett. Vi har hatt ein stabil produksjon sidan 2018 og har eit mål om å produsere 9.000 tonn kveite innan 2030, fortalde administrerande direktør i Nordic Halibut, Edvard Henden på webinaret. Selskapet har investorar som ser potensialet som ligg i kveiteoppdrett, og forstår kva som må til, og har hatt den kapitalen som trengst.

Torskeselskapet Norcod held for tida på med prøveslakting og er klar til å starte opp med fullskala til hausten. 6.000 tonn torsk skal ut i marknaden.

– Vi har investorar som ser ei framtid for torskeoppdrett. Vi har investert i bra utstyr og fôr og har fått fram ein torsk med god biologi. Oppdrettstorsken vår er blitt ein veldig robust og sterk fisk med god vekst og låg døying. Han ser ut til å gå godt i merd, sa administrerande direktør i Norcod Christian Riber mellom anna på webinaret.

Større fiskekvotar på villtorsk og dalande fiskeprisar er ei utfordring, men Norcod kan med oppdrett tilby fersk, berekraftig torsk på tider av året når det ikkje er tilgang på villfisk.

– Vi har laga ein god marknadsplan og har langt på veg inngått leveringsavtalar på førehand. Marknaden er heilt annleis no enn for 20 år sidan. Folk er opptekne av å leve sunt og vil ha kvitfisk, fortalde Riber.

– Eg trur det er eit stort potensial for oppdrettstorsk, men vi blir nok ikkje aleine i denne industrien – og det ønskjer vi heller ikkje. Det trengst mange for å byggje opp dette som ein ny industri. Marknaden finst, sa Christian Riber i Norcod.

(©NPK)

Publisert: 10.05.2021 15:13

Sist oppdatert: 11.05.2021 15:28

Mer om