Slapp med skrekken igjen
IKKJE HØGARE: Vasstanden hos Stephan Frei ved Maluns-restauranten enda natt til tysdag om lag på same nivå som stormfloa i januar. Då fylte sjøvatnet parkeringsplassen og skvulpa mellom golvplankane.
Nytt

Slapp med skrekken – igjen

Vasstanden i natt blei lågare enn frykta. I Måløy blei det likevel ny rekord – medan det var nære på i Ålesund.

Administrator
11.02.2020
Restaurant Maluns i Ulsteinvik er mellom dei næringsdrivande som skulle føre til skade natt til tysdag. Lokala ved bryggekanten i Ulsteinvik sentrum ligg utsett til for tidevatnet.
Med prognoser som var høgare , frykta restauranteigarane at vatnet ville stige inn i lokala, og hadde vakt for å sikre seg.
Tidleg tysdag morgon kan Anita Muren fortelje til NETT NO at alt gjekk bra, og at vatnet gjekk lågare enn venta. Dei fekk noko vatn inn, men hadde løfta noko av inventaret, slik at dei unngjek skade. Einaste konsekvensen blei nokre timar seinare opningstid tysdag i påvente av neste flotopp midt på dagen.
Heller ikkje naudetatane på Nordvestlandet har meldt om større skader som følgje av floa.

Rekord i Måløy

Fleire stader var det venta rekordar for vasstanden, men det var berre i Måløy at ekstremvêret Elsa sette rekord med 287 centimeter over sjøkartnull.
Den nye rekorden i Måløy er 5 centimeter over den gamle rekorden på 282 centimeter frå 1993, melder . Vatnet skapte problem då det gjekk over bryggekanten og inn i rådhuset og fleire butikklokale, skriv .
I Ålesund enda vasstanden på 297 centimeter over sjøkartnull, og den fjerde høgaste som er målt i byen nokosinne, opplyser .

Les også:



Ferjer innstilt

Vatnet stod høgt langs heile kysten. Brannvesen over heile Vestlandet har meldt om vatn i mange kjellarar og forretningslokale, men ingen større uhell er rapporterte.
Etter at vasstanden hadde passert det høgaste punktet i timane rundt midnatt, melde òg ferjeselskapa langs kysten om at dei ville ta opp att vanleg trafikk etter å ha innstilt mange avgangar sidan måndag.

Rett under rekordar

Ved midnatt gjekk vatnet over Bryggen i Bergen, og i Stavanger stansa stormfloa to centimeter under den gamle rekorden.
Ved midnatt var vasstanden i Stavanger 175 centimeter over sjøkartnull og på veg ned etter at den ein dryg halvtime tidlegare hadde lege på 180 centimeter, melder .
Den varsla stormfloa hadde sett heile Vestlandet i beredskap, og mange stader skylde vatnet inn over land.
I Bergen slo vatnet inn over Dreggekaien i Bergen ved 23-tida, melder . Vatnet heldt fram med å stige, og ved midnatt passerte vatnet 239 centimeter over sjøkartnull.
Berre éin gong tidlegare i historia har vasstanden vorte målt høgare. Det var i 1990, då rekorden var éin centimeter høgare – 240 centimeter, melder Meteorologisk institutt.
Vasstanden måndag kveld låg sju centimeter under prognosane som var gitt på førehand.

Stormflo i Trøndelag tysdag

Tysdag er det utskrive ekstremvarsel for Trøndelagskysten som vil få eit vassnivå 60–70 centimeter over tidvasstabellen. Folk blir åtvara mot å gå i strandsona og oppmoda til å sikre lause gjenstandar.
Det er venta at nivåa vil nå toppen mellom klokka 12 og 14 på ettermiddagen.

Publisert: 11.02.2020 09:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52