Slik vert innloepet til skipstunnelen
KJØDE: Slik vil Snøhetta at innseglinga til Stad skipstunnel sjå ut frå nordsida i Kjøde i Selje. 
Nytt

Slik vert innløpet til skipstunnelen

Nok ein milelæl er nådd for Stad skipstunnel. No har også arkitektkontoret Snøhetta bidratt for å lage best mogleg utforming av tunnelinnslaga.

15.12.2016
Det tekniske forprosjektet for skipstunnelen er no ferdig.
I materialet ligg det rapportar og teikningar, som gir eit viktig grunnlag for kvalitetssikringsfase 2 (KS2), som er neste steg før Stortinget tek endeleg avgjersle om bygging av skipstunnelen.
Dette opplyser Kystverket på si .

Snøhetta

Det prisvinnande arkitektkontoret er av aktørane som har bidratt i utarbeiding av det tekniske forprosjektet. Mest kjent er Snøhetta for å stå bak operahuset i Bjørvika og biblioteket i Alexandria i Egypt.
No har Snøhetta mellom anna levert forslag til løysingar for portalane i begge endane av den 1700 meter lange skipstunnelen, både i Moldefjorden på sydsida og i Kjødepollen på nordsida.
Men ifølgje Kystverket har mange fleire aktørar bidratt. Mellom anna har dr. techn. Olav Olsen AS og Norconsult produsert rapporten og vedlegga, som oppsummerer åtte måneder med planlegging og tekniske undersøkingar.

Modelltank

Hos Marintek er det foretatt modellforsøk i testtank, medan det hos Force Technology er segla modellerte fartøy gjennom Stad skipstunnel i simulator. I tillegg har Multiconsult gjort geotekniske undersøkingar.
– Det grundige arbeidet som er gjennomført i denne fasen er viktig for at vi kan vere trygg på at Stad skipstunnel kan byggast innanfor dei økonomiske rammer som kostnadsanslaget viser, samt at tunellen når vedtatte prosjekt- og samfunnsmål, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket.
Han fortel vidare at arbeid med reguleringsplan, med konsekvensutgreiing, skal gjerast parallelt med arbeidet med det tekniske forprosjektet.

Vindmaster

Vurderingar i rapporten byggjer på ei rekke tekniske og geologiske undersøkingar. I Kjødepollen og Moldefjorden er det også sett opp to vindmaster for å måle vind og temperatur.
Kystverket opplyser at desse måleresultata, pluss historiske vêrdata, vert brukte til simulering av trekkforhold og temperatur. Dette er viktig informasjon med tanke på ventilasjon, frost og brannutrekningar i sjølve tunellen.

Folkemøte

Konsekvensutgreiing (KU) til Samferdselsdepartementet er planlagt overlever til veke 19 neste år.
Men alt i første veka av januar skal forslag til reguleringsplan og KU vere klare. Desse vil bli overleverte planutvalet i Selje kommune 12. januar.
I samband med dette vil det også vere eit folkemøte i Selje.

Publisert: 15.12.2016 09:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04