Slik vert Jack Remoey sin supertraalar
NOR-SHIPPING: Ole-Christian Ottestad i Salt Ships Design og reiar Jack Remøy med skisse av den nye reketrålaren.
Nytt

Slik vert Jack Remøy sin supertrålar

Fem tyrkiske og fem spanske verft skal rekne på bygging av Jack Remøy sin nye reketrålar med quatro-trål.

07.06.2019
Remøy seier at det vert for dyrt å byggje båten i Norge.
- Dette er ein avansert og relativt dyr båt, og vi vel utlandet fordi prisskilnaden er for stor.
Han seier at det likevel vert mykje norsk utstyr om bord.
- Ja, vi har basisprisar i kontrakt, med ei liste på 25 leverandørar som vi prioriter og no er i ferd med å kontakte.

Salt-design

Det er Salt Ship Design som har teikna den 82 meter lange og 18 meter breie trålaren.
- Skrogmessig ser dette ut som ein båt som ikkje skil seg så mykje frå andre reketrålarar, men på systemsida er det derimot svært mykje nytt, som fordrar ny designutforming av skroget, seier skipsdesignar Ole-Christian Ottestad.
Han opplyser at ein har arbeidd med prosjektet i snart to år.
- Konseptet er utarbeidd i svært tett samarbeid med reiaren, seier Ottestad.

Ocean Pilot

Eit eige styringssystem, Ocean Pilot, er utvikla som eit eige prosjekt, med fleire eksterne aktørar involverte.
Blant anna skal skipet styrast av blokkene under tauing, noko som ifølgje utrekningar av NTNU vil redusere drivstoff-forbruket med opptil 30 prosent i høve til å styre ved hjelp av roret.
Det nye skipet skal kunne fiske med fire trålposar samstundes.
- Eigentleg er det snakk om at vi her samlar to tradisjonelle reketrålarar i ein båt.
- Dette vil auke fangsteffekiviteten betydeleg, og samstundes redusere drivstoffutgiftene kraftig.

Avventar finansiering

Det er selskapet Remøy Sea Trawl som står bak satsinga, der Jack Remøy er hovedaksjonær.
Selskapet har konsesjon på rekefiske, og fekk i fjor haust også 4,6 millionar kroner frå Innovasjon Norge for å utvikle nye og energieffektive for reketråling.
Endeleg finansiering av prosjektet er enno ikkje på plass.
- Rammefinansieringa er klar. Endeleg finansieringsavtale vert inngått når vi veit endeleg pris og kvar skipet skal byggjast.
Eigentleg er det snakk om at vi her samlar to tradisjonelle reketrålarar i ein båt

Publisert: 07.06.2019 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35