- Interessa for å arbeide ved verftet har i alle fall auka gjennom lærlingperioden. Det er ein flott arbeidsplass med svært mange spennande arbeidsoppgåver.
Dette seier Kathrine Furnes frå Dimna. Ho er tredje års TAF-lærling (Teknisk Allmenfag) med utdanning ved Ulstein vidaregåande skule.
Tysdag møtte ho statssekretær Birgitte Jordahl ved Kunnskapsdepartementet.
- Det var ein del vi hadde lite bruk for, men det oppdagar ein først når ein kjem ut i arbeidslivet.
Spesielt etterlyste ho større satsing på realfag.
- I alle fall hadde det passa for meg.
- Planen er å gå vidare på høgskule, seier ho.
Ho meiner det uansett vil vere nyttig å ha hatt praksis på Kleven.
- Her lærer vi korleis det fungerer i praksis. Vi får også vere innom mange arbeidsfelt. Same kva eg endar opp som, vil eg ha nytte av denne læreperioden.
- Enkelte utanlandske tilsette har hatt ein tendens til å meine at eg ikkje skal gjere tungt arbeid, og har berre sett meg til å sitje og sjå på at mennene utfører desse oppgåvene.
- Då har eg gitt beskjed om at eg vil verte likt behandla.
- Slike lærlingar treng vi, seier Birgitte Jordahl.
No fryktar HR-rådgjevar Monica Nipen at heile ordninga kan stå i fare ettersom det er bedrifter som har signalisert at det kan vere vanskeleg å ta imot TAF-lærlingar i framtida.
- Det er ei dyr utdanning, men det er samstundes dei beste elevane som får vere med. For oss er dette ei prioritert satsing.
- Dette dreier seg om å sikre vidare rekruttering til næringa, og å halde oppe høg fagkompetanse.
Ho synst det er heilt greitt at dei fleste av lærlingane ikkje kjem tilbake til Kleven.
- Om dei endar opp i andre maritime bedrifter, så finst det der fagfolk som veit kva som skjer på verft, som veit korleis båtar vert bygde og som kan forstå teikningar.
- Dette er viktig for oss.
- Vi har mange svært dyktige utanlandske tilsette, men for framtida for norsk verftsnæring kan vi ikkje berre basere oss på utanlandsk arbeidskraft.
- Vi treng norsk fagekspertise. Dersom vi ikkje har det, vil vi tape på sikt.
Rektor Margaret Alme ved Ulstein vidaregåande skule opplyser at TAF-tilbodet vart oppstarta i 2003.
- Den store pådrivaren var næringslivet, og vi er heilt avhengig av tett samarbeid næringslivet.
- Mellom anna har vi fått hjelp frå bedriftene til å ta ulike tema i skulen når vi har mangla lærarar med den rette kompetansen.
No jobbar skulen med å verte ein del av Ocean Industry School - der fleire skular systematiserer samarbeidet innan marine og maritime næringar.
Dette seier Kathrine Furnes frå Dimna. Ho er tredje års TAF-lærling (Teknisk Allmenfag) med utdanning ved Ulstein vidaregåande skule.
Tysdag møtte ho statssekretær Birgitte Jordahl ved Kunnskapsdepartementet.
Meir realfag
Furnes gav statssekretæren fleire gode råd, mellom anna om fagsamansetjinga i allmennfag.- Det var ein del vi hadde lite bruk for, men det oppdagar ein først når ein kjem ut i arbeidslivet.
Spesielt etterlyste ho større satsing på realfag.
- I alle fall hadde det passa for meg.
Nyttig praksis
Kathrine Furnes er ein av tolv TAF-lærlingar frå Ulstein vidareegåande skule. Det er harde krav for å kome inn på linja. Ho har også klare planar for det vidare utdanningsløpet.- Planen er å gå vidare på høgskule, seier ho.
Ho meiner det uansett vil vere nyttig å ha hatt praksis på Kleven.
- Her lærer vi korleis det fungerer i praksis. Vi får også vere innom mange arbeidsfelt. Same kva eg endar opp som, vil eg ha nytte av denne læreperioden.
Gir klar beskjed
Ho seier at det ikkje har bydd på store problem å vere ung kvinne på ein svært mannsdominert arbeidsplass.- Enkelte utanlandske tilsette har hatt ein tendens til å meine at eg ikkje skal gjere tungt arbeid, og har berre sett meg til å sitje og sjå på at mennene utfører desse oppgåvene.
- Då har eg gitt beskjed om at eg vil verte likt behandla.
- Slike lærlingar treng vi, seier Birgitte Jordahl.
Fyktar for ordninga
Kleven Verft har totalt åtte TAF-lærlingar. To kjem inn kvart år, medan to går ut.No fryktar HR-rådgjevar Monica Nipen at heile ordninga kan stå i fare ettersom det er bedrifter som har signalisert at det kan vere vanskeleg å ta imot TAF-lærlingar i framtida.
- Det er ei dyr utdanning, men det er samstundes dei beste elevane som får vere med. For oss er dette ei prioritert satsing.
Viktig også i nedgangstider
Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund ved Kleven seier at det er svært viktig at den maritime industrien klarer å vidareføre lærlingeordningane, også i tider der det er nedbemanning og oppseiing.- Dette dreier seg om å sikre vidare rekruttering til næringa, og å halde oppe høg fagkompetanse.
Ho synst det er heilt greitt at dei fleste av lærlingane ikkje kjem tilbake til Kleven.
- Om dei endar opp i andre maritime bedrifter, så finst det der fagfolk som veit kva som skjer på verft, som veit korleis båtar vert bygde og som kan forstå teikningar.
- Dette er viktig for oss.
- Vi treng norsk fagekspertise
Roger Vågen, fagansvarleg for lærlingane ved Kleven, meiner også at lærlingeordninga er viktig for å sikre at det finst norske fagarbeidarar i framtida.- Vi har mange svært dyktige utanlandske tilsette, men for framtida for norsk verftsnæring kan vi ikkje berre basere oss på utanlandsk arbeidskraft.
- Vi treng norsk fagekspertise. Dersom vi ikkje har det, vil vi tape på sikt.
Rektor Margaret Alme ved Ulstein vidaregåande skule opplyser at TAF-tilbodet vart oppstarta i 2003.
- Den store pådrivaren var næringslivet, og vi er heilt avhengig av tett samarbeid næringslivet.
Ocean Industry School
Ho rosa samarbeidet med næringslivet.- Mellom anna har vi fått hjelp frå bedriftene til å ta ulike tema i skulen når vi har mangla lærarar med den rette kompetansen.
No jobbar skulen med å verte ein del av Ocean Industry School - der fleire skular systematiserer samarbeidet innan marine og maritime næringar.
Enkelte utanlandske tilsette har hatt ein tendens til å meine at eg ikkje skal gjere tungt arbeid
Publisert: 13.10.2015 15:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48