Brødrene Sperre har produksjon fire stader, men har .
Selskapet omsette i fjor for vel 1,7 milliardar kroner, opp frå 1,4 milliardar året før.
Men mykje av auken skuldast høgare råvareprisar, og ikkje auka marginar. Dette kjem fram av årsmeldinga frå selskapet.
Driftsresultatet vart på berre 0,3 millionar kroner, ned frå 23 millionar året før.
Men vautagevinstar resulterte i at selskapet auka andre finansinntekter frå 3,6 til 21,1 millionar kroner, slik at resultatet før skatt enda på 8,7 millionar kroner. Året før var det 14,6 millionar. Året før det på 98 millionar.
Derimot slår styret fast at det er utfordringar rundt betalingsevna i Brasil, som er eitt av hovudmarknadene for selskapet.
Klippfisk-eksport er no det tredje største satsingsområdet for selskapet, og har vorte passert av både pelagisk fisk og fryst kvitfisk.
Omsetningstala for 2016 viser 473 millionar kroner for klippfisk, 577 millionar kroner for fryst kvitfisk og 664 millionar for pelagisk.
Derimot er det vekst andre stader, der auken er størst i Asia med 856 millionar kroner i sal i 2016, mot 553 millionar året før.
Også Europa auka, frå 445 til 533 millionar, medan Afrika auka frå 31 til 47 millionar.
Brødrene Sperre sysselsette i fjor 147 årsverk, inkludert sesongarbeidarar og innleigd arbeidskraft.
Styret fastslår at lønsmessig ligg ein på øvre nivå i bransjen.
Brødrene Sperre er eit heileigd selskap av Sperrefish. Bak dette selskapet står syskena Kjetil (52 prosent), Arne (24 prosent) og Inger Marie Sperre (24 prosent).
Eigarane tok for 2015 ut eit utbyte fem millionar kroner, men for 2016 vert det ikkje tatt ut utbyte.
Selskapet omsette i fjor for vel 1,7 milliardar kroner, opp frå 1,4 milliardar året før.
Men mykje av auken skuldast høgare råvareprisar, og ikkje auka marginar. Dette kjem fram av årsmeldinga frå selskapet.
Driftsresultatet vart på berre 0,3 millionar kroner, ned frå 23 millionar året før.
Men vautagevinstar resulterte i at selskapet auka andre finansinntekter frå 3,6 til 21,1 millionar kroner, slik at resultatet før skatt enda på 8,7 millionar kroner. Året før var det 14,6 millionar. Året før det på 98 millionar.
Mykje uteståande
Ved årsskiftet hadde selskapet til gode 221 millionar kroner i uteståande fordringar. Dette var fordelt på 118 kundar, men ein forventa at det ville ordne seg med dei fleste ettersom mange var langvarige forretningspartnerar.Derimot slår styret fast at det er utfordringar rundt betalingsevna i Brasil, som er eitt av hovudmarknadene for selskapet.
Klippfisk-eksport er no det tredje største satsingsområdet for selskapet, og har vorte passert av både pelagisk fisk og fryst kvitfisk.
Omsetningstala for 2016 viser 473 millionar kroner for klippfisk, 577 millionar kroner for fryst kvitfisk og 664 millionar for pelagisk.
Stor Asia-auke
Samstundes er det stor svikt i salet til Amerika, frå 500 millionar kroner i 2015 til 284 millionar kroner i fjor.Derimot er det vekst andre stader, der auken er størst i Asia med 856 millionar kroner i sal i 2016, mot 553 millionar året før.
Også Europa auka, frå 445 til 533 millionar, medan Afrika auka frå 31 til 47 millionar.
Brødrene Sperre sysselsette i fjor 147 årsverk, inkludert sesongarbeidarar og innleigd arbeidskraft.
Kvinnefleirtal på toppen
I produksjon og administrasjon er det 105 tilsette, der det er flest menn i produksjonen, og mest kvinner i administrasjonen.Styret fastslår at lønsmessig ligg ein på øvre nivå i bransjen.
Brødrene Sperre er eit heileigd selskap av Sperrefish. Bak dette selskapet står syskena Kjetil (52 prosent), Arne (24 prosent) og Inger Marie Sperre (24 prosent).
Eigarane tok for 2015 ut eit utbyte fem millionar kroner, men for 2016 vert det ikkje tatt ut utbyte.
Publisert: 06.07.2017 14:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11