Jon Erik Engeset foto Ogne
VEKST: Konsernsjef Jon Erik Engeset i Hexagon Composites melder om høgare omsetning, men pandemi og krig gir utfordringar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Slit med forsyningar og høgare prisar

Hexagon Composites aukar salet, men merkar konsekvensane av pandemien og krigen i Ukraina.

12.05.2022

Hexagon Composites (utan utskilde Hexagon Purus) auka inntektene frå 690 millionar kroner i første kvartal i fjor til 913 millionar kroner i første kvartal 2022.

Trass auken, vart botnlinja redusert, der resultatet før skatt enda på 29 millionar kroner i år, mot 32 millionar kroner i første kvartal i fjor.

Hexagon Composites
1. kvartal (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 913 690
Driftsresultat 84 87
Resultat før skatt 29 32

Manglar kritiske komponentar
Konsernsjef Jon Erik Engeset skriv i kvartalsrapporten at selskapet merkar konsekvensane av krigen i Ukraina, sjølv om selskapet ikkje har eigne tilsette eller aktivitetar der. I tillegg merkar ein konsekvensane av pandemien.

Engeset viser til at ein har vanskar med å skaffe utstyr og kritiske komponentar, slik som chassis til køyretøy, battericeller og halvleiarar. I tillegg er det kraftig auke i frakt- og energikostnader, som kjem på toppen av høgare materiellkostnader.

Europeisk potensiale
Samstundes ser selskapet eit stort potensiale i at EU-kommisjonen har vedtatt å fase heilt ut russisk fossil energi i Europa fram mot 2030, der ein blant anna skal satse stort på LNG. Dette vil føre til eit stort behov for utstyr til både lagring og transport av gass, der Hexagon Composites er store.

I april kjøpte Hexagon Composites 40 prosent av det austerrikske selskapet Cryoshelter, med opsjon for vidare kjøp, eit selskap som utviklar tankar for å oppbevare flytande hydrogen og flytande naturgass.

Avtalen verdset hydrogen- og naturgassverksemdene til Cryoshelter til 144 millionar kroner.

Stor ordrereserve
Trass utfordringane opplyser Jon Erik Engeset at selskapet har sterk momentum på tvers av alle forretningsområde og ein stor ordrereserve dekker allereie størstedelen av 2022.

Det er dotterselskapet Hexagon Agility som står for brorparten av inntektene til Hexagon Composites, med 731 millionar kroner i omsetning i første kvartal, og eit resultat før skatt på 12 millionar.

Publisert: 12.05.2022 08:07

Sist oppdatert: 12.05.2022 08:30

Mer om