Bra
BRA: Brattvaag Electro har skilt ut den landbaserte delen gjennom sitt eige dotterselskap Bra Elektro. Foto: Bra Elektro
Nytt

Slit med å få tak i komponentar

Fleire av oppdraga til Brattvaag Electro er no på land, men dei må jobbe med alternativ delejakt.

12.07.2022

Pandemi, krig og restriksjonar har ført til at Brattvaag Electro slit med å få tak i enkelte komponentar. Dei prøver å finne alternativ.

Dette går fram av årsmeldinga til Brattvåg-selskapet, som i 2021 hadde ei omsetning på 114,2 millionar kroner og eit resultat før skatt på 1,6 millionar.

Dette er konserntal etter at selskapet hausten 2020 oppretta dotterbedriftene Bra Elektro og Bra Tjeneste.

1. januar i fjor vart den landbaserte delen av Brattvaag Electro seld til Bra Elektro for 3,5 millionar kroner. Bra Elektro er dermed ein totalleverandør innan elektro og svakstraummtenester til private og bedrifter.

Brattvaag Electro (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 114,2 127,4
Driftsresultat 2 2,6
Resultat før skatt 1,6 2,1

Meir på land
Brattvaag Electro vart etablert i 1933 i Brattvåg, og er ei av dei eldste bedriftene i bransjen i Norge.

Lenge utgjorde elektrisk installasjon og service på båtar og skip hjørnesteinen av selskapets aktivitet, men no ser ein meir på landsida, både offentleg, næringsliv og privat.

Konsernet hadde ved årsskiftet 88 tilsette. I tillegg til hovudbasen i Brattvåg, har ein avdelingar i Skodje, Herøy og Ålesund, samt montørbase i Molde.

Bra ordresituasjon
Styret skriv i årsrapporten at ordresituasjonen er tilfredsstillande, men at det vert jobba med å kome inn på nye område.

Konsernet har ein samla eigenkapital på 8,6 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 0,6 millionar.

Leif Arne Langøy eig 50 prosent av selskapet gjennom sitt investeringsselskapet Lapas. Den andre halvparten er eigd av investeringsfondet Midvest I, der Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk er største enkeltaksjonær.

Publisert: 12.07.2022 09:00

Sist oppdatert: 12.07.2022 09:03

Mer om