Eid elektro
EID: Rekordår i fjor for Tore Hjelle og Eid Elektro, og 2022 har starta med omsetningsvekst. Foto: Eid Elektro
Nytt

Elektrobedrift sette solid ny rekord

Smadra den tidlegare omsetningsrekorden, hadde sitt beste resultat nokon gong, og i år ser det endå betre ut.

25.04.2022

- 2022 ser bra ut, vi har ein vekst på cirka 10 prosent i fyrste kvartal i forhold til 2021. Vi har bra med kontrakter framover og ordreboka er i ferd med å fylle seg godt opp.

Det seier dagleg leiar Tore Hjelle i Eid-bedrifta Eid Elektro.

Selskapet hadde i fjor sitt klart beste år sidan oppstarten i 1980. Då var omsetninga på 1,8 millionar kroner.

I 2021 kom omsetninga opp i 151,2 millionar kroner, som var 27,6 millionar kroner meir enn året før, som var den tidlegare rekorden.

Resultatet før skatt enda på 14,5 millionar kroner, som også er ny rekord.

Eid Elektro
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 151,2 123,6
Driftsresultat 14,6 9,8
Resultat før skatt 14,5 9,6

Rigga for meir vekst
Eid Elektro har lenge hatt ei positiv utvikling, spesielt dei seinare åra, og har i dag 83 tilsette.

Selskapet held i dag til i eigne lokale på over 4000 kvadratmeter i Øyane Industriområde, og inneheld lager, tavleverkstad, kantine/møterom, kontorer og garderober.

Tore Hjelle seier at målet er vidare vekst.

- Vi har investert ein del i nye og større lokale siste par åra, både her på Nordfjordeid og i Bergen, og det har gjort at vi kan halde fram veksten vår.

Tavleproduksjon i Bergen
Firmaet er organisert med tre avdelingar der installasjonsavdeling tek seg av den tradisjonell elektroinstallasjonen med ein del utvida arbeidsområdar/nisjar, prosjektavdeling tek seg av dei store og kompliserte installasjonane også tverrfaglege installasjonar og teknisk avdeling tek seg av det som går på industri, automasjon, tavleproduksjon, mjølkerobot med meir.

I tillegg har firmaet ei avdeling i Bergen for tavleproduksjon, montørbase i Syvde i Vanylven kommune og Stadlandet i Stad kommune. Begge desse montørbasestasjonane tek seg av installasjonar og aktivitet i deira regionen.

Det vi skulle hatt meir av er elektrikarar med fagbrev, samt elektroingeniørar
Tore Hjelle

Sju nye lærlingar
Eid Elektro har over lang tid satsa mykje på lærlingar.

- I desse dagar skriv vi kontrakt med nye lærlingar. Slik det ser ut no, kjem vi til å ta inn totalt sju lærlingar i 2022, seier Hjelle.

Han opplyser at ein ser etter fleire tilsette.

- Det vi skulle hatt meir av er elektrikarar med fagbrev, samt elektroingeniørar. Der søkjer vi etter folk i desse dagar og håpar få styrka staben ytterlegare.

Eid Elektro har ein samla eigenkapital på 24,8 millionar kroner og 1,4 millionar i langsiktig gjeld.

Selskapet har åtte aksjonærar, der Ove Kjøllesdal og Tore Hjelle er dei største med 40 prosent kvar.

Publisert: 25.04.2022 08:58

Sist oppdatert: 25.04.2022 09:13

Mer om