Nordfjord Kjøtt
Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Slutt for Nordfjord Kjøtt-slakteriet

28 tilsette blir råka når verksemda i Stryn blir avvikla.

NPK
07.12.2023

(NPK-NETT.NO): Slakteriet i Loen har stått for kring ti prosent av produkta levert av Nordfjord Kjøtt. Men i løpet av første kvartal i 2024 vert denne slakteriverksemda avvikla.

Det skriv avisa Fjordingen.

Dette vil berøre 22 fast tilsette, i tillegg til seks korttids- og sesongarbeidarar.

Avdelinga i Loen har stått for kring ti prosent av kjøtet som Nordfjord Kjøtt mellom anna har levert til Rema 1000-butikkane. Dei resterande 90 prosent er kjøpt inn frå Furuset slakteri på Dal og fleire av Nortura sine slakteri, skriv Fjordingen.

Framleis drift krev store investeringar
Styret grunngjev avgjerda om nedlegging med fleire faktorar. Slakteriverksemda har opp gjennom åra gått kring balanse. Grunna skjerpa miljøkrav måtte dei ha gjort store investeringar for å halde seg konkurransedyktig, skriv NRK.

– Det er ikkje berekraftig å fortsette slakteriverksemda ved anlegget i Loen. Konsernet vil difor fokusere på sine kjerneområde innan foredling- og sal av kjøttvarer for å sikre ein berekraftig og lønsam utvikling, seier Geir Egil Roksvåg, dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, til Fjordingen.

Dårlegare lønnsemd i konsernet i fjor
Slakteriet utgjer ein mindre del av verksemda til Legula-konsernet i Stryn.

Verksemda omfattar tre kjøttforedlingsbedrifter, der Nordfjord Kjøtt er det største selskapet i konsernet. Dei er hovudleverandør av foredla kjøttprodukt til Rema 1000.

I fjor omsette konsernet for knappe 2,6 milliardar kroner. Lønnsemda gjekk litt ned samanlikna med dei siste åra. Leiinga såg føre seg ny vekst i år, då årsresultatet for 2022 blei levert.

Publisert: 07.12.2023 15:18

Sist oppdatert: 07.12.2023 15:29

Mer om