Sluttar etter 30 aar paa Kleven
KLEVEN: Arve Holstad (t.h.) sluttar som salsdirektør hos Kleven. Han er den femte toppleiaren som forlet Kleven etter at tidlegare Kleven-direktør Ståle Rasmussen (t.v.) slutta i november 2017.
Nytt

Sluttar etter 30 år på Kleven

Salsdirektør Arve Holstad sluttar på Kleven. Heile den gamle toppleiinga er no ute.

01.07.2019
- Eg har hatt fantastiske år på Kleven, men eg fann ut at no var tida komen for å gjere noko anna.
- Eg fråtrer stillinga over sommarferien etter samråd med leiinga, seier Holstad.

Over 100 skip sidan 2004

Han har arbeidd i Kleven i nesten tretti år.
Holstad seier at han har fått gleda over å jobbe saman med mange svært dyktige medarbeidarar.
- Spesielt tida etter at vi snudde skuta i 2003/2004 var ei utruleg spennande tid.
- Frå den perioden og fram til i dag har eg fått vere med på å selje over 100 skip. Den samla verdien på desse skipa er over 50 milliardar kroner, og har hatt store ringverknader i regionen.

Også Kristensen sluttar

Også prosjektdirektør Ole S. Kristensen har valt å fråtre stillinga si på Kleven i samråd med leiinga.
Kristensen og Holstad er dermed dei siste av ei lang rekkje toppleiarar som har slutta i selskapet etter at tidlegare konsernsjef Ståle Rasmussen var den første til å gå av i november 2017.
Av andre som har slutta er prosjekt- og innkjøpssjef Tore Roppen, kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund, finansdirektør Olav Tanberg, teknisk direktør Sigbjørn Nordstrand og HR-direktør Kathrine Holstad.
Arve Holstad seier at han ikkje har tatt fast i ny jobb.
- Men det ordnar seg nok, seier han.

Den samla verdien på desse skipa er over 50 milliardar kroner, og har hatt store ringverknader i regionen

Publisert: 01.07.2019 12:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36