Sluttar i Hofseth Biocare
SLUTT: Finansdirektør Øystein Omvik (t. h.) sluttar i Hofseth Biocare. Her saman med adm. dir. Jon Olav Ødegård.
Nytt

Sluttar i Hofseth Biocare

Finansdirektør Øystein Omvik sluttar i Hofseth Biocare.

19.01.2016
Omvik forlet selskapet med verknad frå 18. januar.
Dette opplyser selskapet i ei måndag kveld.
Samstundes kvittar Omvik seg med samtlege aksjar i selskapet.

Styreleiar kjøper aksjane

Aksjane er overtatt av Hofseth International AS, eit deleigd selskap av styreleiar Roger Hofseth.
Selskapet opplyser at aksjane er kjøpt til ein kurs på 3,25 kroner aksjen. Det er 0,25 kroner høgare enn sluttkursen måndag.
Det samla vederlaget for transaksjonen er vel ein million kroner.
Etter handelen eig Hofseth International 2.474.063 aksjar i Hofseth Biocare, noko som utgjer 2,24 prosent av selskapet.

Brei bakgrunn

Øystein Omvik har vore finansdirektør i Hofseth Biocare sidan mars 2013. Han kom då frå stillinga som seniorrådgjevar i Gagn Consulting.
Ifølgje har Omvik også bakgrunn som seniorkonsulent i Visma, finansdirektør i Hjellegjerde, finanssjef i Rolls-Royce Marine og finanssjef i Netcom. Han har også vore innom Ulstein og Telenor Group.
Omvik er også dagleg leiar i sitt eige Ålesund-baserte selskap Prisma Consult.
Selskapet opplyser ikkje kva ny stilling Omvik går til, anna enn at han søkjer nye utfordringar.

Publisert: 19.01.2016 00:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52