Forbrukarar vil helst ha fisken pakka i små pakningar viser ei forbrukarundersøkjing som Møreforsking har gjort.
Straks pakningen i frysedisken passerer 800 gram blir det mindre attraktivt for forbrukarane, dess tyngre og større dess færre kjøparar.
Forbrukarundersøkjinga er gjort som ein del av eit større oppdrag Møreforsking har gjort for den filetproduserande fiskeflåten, der målet er å kartlegge korleis flåten skal få høgast mogleg verdi ut av fangsten.
Men Roth er unntaket, og dei største kartongane er berre på få tak i ein butikk i Ålesund i tillegg, medan Ramoen har utvikla ein tokiloskartong for å nå ei større marknad.
Les kva NETT NO skreiv frå ombordfryst-konferansen 2016 under Relaterte saker
Forbrukarundersøkjinga viser mellom anna at forbrukarane rangerer fersk torskefilet aller høgast, men med sjøfryste filetar som nummer to på lista. Sjøfryste torskefiletar er filetert og frosne ombord rett etter at fisken er fanga, og blir rangert over fisk som er tatt på land og frosen i landanlegg. Skilnaden mellom fersk, sjøfrosen og vanleg frosen fisk er klar, men ikkje så stor. Derimot er det eit klart skilje ned til den fjerde kategorien - tint fisk - som forbrukarane rangerte lågast av dei fire kategoriane.
Om det skjer er han meir usikker på. Fabrikkområdet ombord i fartya er trangt og det er utfordrande å få plass til meir utstyr. Dessutan er det usikkert om kostnaden kan forsvarast.
Men interessa for ombordproduksjon er stigande, og i fjor samla Nordea, Sjømatrådet og Fiskebåt rundt 300 deltakarar på den første Ombordfrystkonferansen i Ålesund. Då hadde arrangøren håpa at i alle fall 50 ville møte opp. Så langt er rundt 200 påmeldt til konferansen i neste veke.
Straks pakningen i frysedisken passerer 800 gram blir det mindre attraktivt for forbrukarane, dess tyngre og større dess færre kjøparar.
Forbrukarundersøkjinga er gjort som ein del av eit større oppdrag Møreforsking har gjort for den filetproduserande fiskeflåten, der målet er å kartlegge korleis flåten skal få høgast mogleg verdi ut av fangsten.
Unntaket frå regelen
Kjøpmann Bjarte Roth på Vartdal (biletet) har opparbeidd seg ein stor kundemasse som handlar dei neste sju kilo tunge kartongane med filet frå fabrikktrålaren Ramoen. I 2015 selde han 36 tonn, og mykje av det av dei største kartongane.Men Roth er unntaket, og dei største kartongane er berre på få tak i ein butikk i Ålesund i tillegg, medan Ramoen har utvikla ein tokiloskartong for å nå ei større marknad.
Scorar høgt
Tysdag 10. februar skal forskarane Bjørn Tore Nystrand og Wenche Emblem Larssen frå Møreforsking presentere funna frå prosjektet på Ombordfryst-konferansen 2017, som i år blir arrangert i Ålesund for andre gong. Nystrand har arbeidd med forbrukerundersøkjingane, Larssen med å utvikle ein felles standard for kravt til ombordfryst fisk.Les kva NETT NO skreiv frå ombordfryst-konferansen 2016 under Relaterte saker
Forbrukarundersøkjinga viser mellom anna at forbrukarane rangerer fersk torskefilet aller høgast, men med sjøfryste filetar som nummer to på lista. Sjøfryste torskefiletar er filetert og frosne ombord rett etter at fisken er fanga, og blir rangert over fisk som er tatt på land og frosen i landanlegg. Skilnaden mellom fersk, sjøfrosen og vanleg frosen fisk er klar, men ikkje så stor. Derimot er det eit klart skilje ned til den fjerde kategorien - tint fisk - som forbrukarane rangerte lågast av dei fire kategoriane.
Vurderer mindre pakningar
Konsekvensen av at forbrukarane likar mindre pakningar er at reiarlag som driv med filtering ombord vurderer om dei skal bygge om fabrikken for å kunne levere butikk-klare pakningar, seier Nystrand.Om det skjer er han meir usikker på. Fabrikkområdet ombord i fartya er trangt og det er utfordrande å få plass til meir utstyr. Dessutan er det usikkert om kostnaden kan forsvarast.
Comeback for ombordproduksjon
Filetproduksjon ombord krev meir mannskap enn om fisken berre blir hovudkappa, sløyd og frosen. Det er den viktigaste årsaka til at farty som driv med filetering har vore på sterk retur i fleire år. Seks reiarlag - både trålarar og line båtar - er med i samarbeidet med forskarane frå Møreforskning, og det omfattar det som er av farty som driv filtetering ombord i dag.Men interessa for ombordproduksjon er stigande, og i fjor samla Nordea, Sjømatrådet og Fiskebåt rundt 300 deltakarar på den første Ombordfrystkonferansen i Ålesund. Då hadde arrangøren håpa at i alle fall 50 ville møte opp. Så langt er rundt 200 påmeldt til konferansen i neste veke.
Publisert: 06.01.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05