NETT NO/NPK: Frå 111 skidagar med natursnø i år til 58 skidagar med natursnø i 2030. Det er det som ventar skianlegga i Ørsta og Volda, viser framskrivingar av klimaendringane frå Vestlandsforsking.
I 2050 vil det krympe til 32 dagar og i 2080 til 17 dagar.
Ved begge anlegga er det investert i hytteutbygging, men salet har gått treg i fleire år.
I eit større prosjekt, leidd av Robert Steiger frå Universitetet i Innsbruck, har forskingsinstituttet rekna seg fram til kor mange skidagar på natursnø dei ulike anlegga vil miste dei neste åra, gitt at klimautsleppa held fram som venta.
Berekninga byggjer på at utsleppsreduksjonane som er avtalt i den såkalla Paris-avtalen blir gjennomført. Skjer ikkje det blir skisesongane enda kortare.
Prognosen for Bjorli er ein nedgang frå 144 skidagar i år til 133 dagar i 2030.
I Stryn vil talet på skidager gå ned frå 138 i år til 117 dagar i 2030 og ende på 70 dagar i 2080.
Forskarane har ikkje laga ein prognose for Hornindal skisenter.
– Stemninga var litt både og, men ingen trur at dette vil vere slutten for norsk skisport. Fleire er optimistiske fordi vi allereie no snakkar om omstilling. Det er også fleire som har trua på at framtidig teknologi vil kunne by på gode løysingar, seier Gildestad.
Ho fortel at mykje av diskusjonen dreidde seg rundt det reint tekniske med kunstsnø og om ein skal byggje ut eller ei. Harpefossen skianlegg i Eid kommune er eitt av anlegga som allereie har gjort ei omstilling. I 2010 bygde dei ei ny heis som startar 500 meter over havet på grunn av at det over lengre tid hadde vore dårlege snøforhold lenger nede i anlegget.
– Enkelte skianlegg har begynt å tenkte på å tilby aktivitetar også om våren, sommaren og hausten. Stisykling er det også fleire som har vore inne på tanken om, men utfordringa er å gjere det lønsamt nok, fortel Ida Marie Gildestad ved Vestlandsforsking.
Ei anna utfordring er at nordmenn stort sett sluttar å gå på ski etter påske, uansett om det framleis er gode forhold.
– Skisentera slit med å få folk i bakkane etter påske, så her kan løysinga vere å enten endre marknadsføringa, eller å få inn andre typar skituristar, som britar og tyskarar, fortel Gildestad.
I 2050 vil det krympe til 32 dagar og i 2080 til 17 dagar.
Ved begge anlegga er det investert i hytteutbygging, men salet har gått treg i fleire år.
I eit større prosjekt, leidd av Robert Steiger frå Universitetet i Innsbruck, har forskingsinstituttet rekna seg fram til kor mange skidagar på natursnø dei ulike anlegga vil miste dei neste åra, gitt at klimautsleppa held fram som venta.
Berekninga byggjer på at utsleppsreduksjonane som er avtalt i den såkalla Paris-avtalen blir gjennomført. Skjer ikkje det blir skisesongane enda kortare.
Stranda held stand
På Stranda, som har det største skianlegget på Nordvestlandet vil talet på skidagar med natursnø gå ned fra 154 i 2017 til 141 i 2030. I 2080 vil det framleis vere 133 dagar att. (Berekninga for Stranda er gjort frå 700 meter og opp, slik at anlegget får ei utfordring i nederst del av bakkane.)Prognosen for Bjorli er ein nedgang frå 144 skidagar i år til 133 dagar i 2030.
I Stryn vil talet på skidager gå ned frå 138 i år til 117 dagar i 2030 og ende på 70 dagar i 2080.
Forskarane har ikkje laga ein prognose for Hornindal skisenter.
Må legge om
Onsdag samla fleire av skianlegga på Vestlandet seg til eit seminar i regi av Vestlandsforsking for å diskutere korleis vintersportsstadane allereie no kan førebu seg på klimaendringane. Koordinator for seminaret Ida Marie Gildestad ved Vestlandsforsking seier at det trass dystre prognosar enkelte stader likevel ikkje var krisestemning rundt bordet.– Stemninga var litt både og, men ingen trur at dette vil vere slutten for norsk skisport. Fleire er optimistiske fordi vi allereie no snakkar om omstilling. Det er også fleire som har trua på at framtidig teknologi vil kunne by på gode løysingar, seier Gildestad.
Ho fortel at mykje av diskusjonen dreidde seg rundt det reint tekniske med kunstsnø og om ein skal byggje ut eller ei. Harpefossen skianlegg i Eid kommune er eitt av anlegga som allereie har gjort ei omstilling. I 2010 bygde dei ei ny heis som startar 500 meter over havet på grunn av at det over lengre tid hadde vore dårlege snøforhold lenger nede i anlegget.
Påskeutfordring
For at skianlegga skal kunne drive vidare trass mindre snø, er det tre vegar å gå. Det eine er ny teknologi spesielt med tanke på kunstsnø, det andre er å endre aktiviteten i tid og det tredje er å endre aktiviteten i rom.– Enkelte skianlegg har begynt å tenkte på å tilby aktivitetar også om våren, sommaren og hausten. Stisykling er det også fleire som har vore inne på tanken om, men utfordringa er å gjere det lønsamt nok, fortel Ida Marie Gildestad ved Vestlandsforsking.
Ei anna utfordring er at nordmenn stort sett sluttar å gå på ski etter påske, uansett om det framleis er gode forhold.
– Skisentera slit med å få folk i bakkane etter påske, så her kan løysinga vere å enten endre marknadsføringa, eller å få inn andre typar skituristar, som britar og tyskarar, fortel Gildestad.
Publisert: 23.02.2017 15:00
Sist oppdatert: 08.03.2021 10:51