Solberg Viktig aa staa imot press fraa oljelobbyen
MÅ STÅ IMOT: Norske politikarar må ha ryggrad for å stå imot presset fra oljelobbyen, meiner statsminister Erna Solberg. Måndag fortset forhandlingane om ein krisepakke for oljebransjen. 
Nytt

Solberg: – Viktig å stå imot press frå oljelobbyen

Politikarar treng ryggrad for å stå imot presset frå oljelobbyen, meiner statsminister Erna Solberg (H). Måndag held oljeskatt-forhandlingane fram.

08.06.2020
NPK-NTB-Bibiana Piene: – Norsk politikk har tidlegare vist ryggrad med å kunne stå imot oljelobbyen. Det er viktig at vi gjer ei sjølvstendig vurdering av korleis dette skal vere framover, uavhengig av det presset som blir lagt på oss, seier Solberg til NTB.
På Høgres sentralstyremøte søndag åtvara statsministeren om at koronakrisa kan bli avløyst av ei jobbkrise, ikkje minst i olje- og gassbransjen og leverandørindustrien, som har opplevd økonomisk bråstopp i kjølvatnet av oljeprisfall og koronakrise.
Partia på Stortinget har den siste veka hatt knalltøffe forhandlingar om mellombelse utsetjingar i skatterekninga for oljeselskapa. Trass i at forhandlingane er kraftig på overtid, tok partia pause i helga før samtalane skal takast opp att i dag, måndag. Målet er å kunne frigjere summar i 100-milliardarsklassen til nye investeringar.

Blir stridt

Regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre har vorte drivne frå skanse til skanse av opposisjonspartia Ap, Frp og Sp, som er i fleirtal. SV trekte seg frå forhandlingane tysdag.
Stridens kjerne skal vere kva modell for skattlegginga som skal veljast. Oljebransjen har sterkt ønskt seg moglegheita til direkte utgiftsføring på selskapsskatten, noko Frp heilhjarta har stilt seg bak.
Også Senterpartiet vil opne for endringar i selskapsskatten, sa parlamentarisk leiar Marit Arnstad til NTB fredag. Det same vil Arbeidarpartiet, etter det NTB kjenner til.
Men Solberg åtvarar sterkt imot ei slik endring.

– Opne ei låvedør

– Dette vil vere med på å bryte opp det skattesystemet som vart innført i 1992, der ein har like reglar for selskapsskatt for alle typar bransjar. Det prinsippet er ganske viktig. Å endre på dette vil opne ei låvedør for at alle andre skal ha det, seier ho til NTB.
– Det vil føre til eit skattesystem som ikkje er nøytralt mellom bransjar, og som ikkje kjem til å vere riktig for korleis vi bruker ressursane. Vi må ikkje komme i ein situasjon der samfunnsøkonomisk ulønnsame prosjekt blir realiserte fordi vi gjer store endringar i skattesystemet, utdjupar ho.
Ein annan modell det blir forhandla om, er å gi næringa eit ekstrafrådrag i form av større friinntekt. Men dette kan føre til at staten taper skatteinntekter på sikt, og at løysinga dermed få meir preg av å vere skattesubsidiar enn ei mellombels utsetjing på skatterekninga.

Pest eller kolera

Solberg heldt søndag korta tett til brystet om kva ho synest om ei slik løysing.
– Vi forhandlar i Stortinget. Så får vi sjå kva som kjem ut av det, seier ho.
– Har opposisjonen realiteten gitt regjeringa eit val mellom pest og kolera?
– Nei, eg opplever at det er ulike synspunkt òg i opposisjonen på kva som er riktig. Men Høgre kjem til å følgje det som er riktigast for oss, seier Solberg.
– Synest du opposisjonen har lagt seg litt for flate for oljebransjen?
– Eg har ikkje tenkt å karakterisere opposisjonen. Eg forhandlar med dei, seier Solberg.

Åtvarar mot insentiv

I ein fredag åtvara åtte økonomiprofessorar kraftig mot å gi skatteinsentiv til oljebransjen. Der heiter det mellom anna at «det er tvilsomt om samfunnet er tjent med å stimulere til investeringer i mer utvinning av olje og gass nå».
– Kva tenkjer du om vurderingane deira?
– Det som er viktigast for oss no, er å få opp investeringstakten i ei veldig usikker olje- og gassnæring. Vi skal sikre jobbane, men samtidig sørgje for at det vi gjer, er haldbart på lang sikt, seier Solberg.

Publisert: 08.06.2020 08:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58