Solid auke for regionavisene
Giske-avis med størst opplagsauke på Nordvestlandet. Sjå oversikt over alle dei lokale mediehusa.
For andre året på rad fell avisopplaget, viser tal frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
For regionavisene peikar tala likevel oppover – og dei største avisene på Nordvestlandet er ikkje noko unntak. Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke var avisene i regionen med størst opplagsauke i reine tal.
Sjå opplaget for avisene på Nordvestlandet under
Sunnmørsposten auka opplaget med 890 aviser i 2023 samanlikna med året før – som svarar til ein oppgang på 3,2 prosent. Romsdals Budstikke auka med 623 aviser, som svarer til ei auke på 3,5 prosent.
Les også
Størst vekst i Giske - størst tilbakegang i Valldal
Avisa Øy-Blikk i Giske hadde størst prosentvis framgang av alle avisene i regionen med ein oppgang på nær 13 prosent.
Også lokalavisa Nyss, som dekker Stranda og Sykkylven, hadde eit solid år med drygt fem prosent auke.
Storfjordnytt som kjem ut i Valldal, hadde størst nedgang i opplaget av avisene på Nordvestlandet med ein tilbakegang på meir enn åtte prosent.
Vestnesavisa hadde også ein betydeleg tilbakegang på meir enn fem prosent.
Auke digitalt - nedgang totalt
Totalopplaget for alle norske aviser går tilbake med 0,5 prosent, viser MBLs tal for andre halvår i 2023.
Det digitale opplaget aukar samtidig med 9,5 prosent. 64 prosent av opplaget her til lands er heildigitalt, med 1,6 millionar digitale abonnement.
– Stadig fleire nordmenn føretrekkjer å få med seg nyheiter digitalt, det ser vi no resultata av. Den digitale transformasjonen går framleis føre seg for fullt hos dei mindre lokalavisene, og fleire ser ut til å lykkast godt med denne overgangen. Regionavisene styrkjer seg både med auka opplag og fleire lesarar i perioden. Tala viser at lokaljournalistikken står sterkt, og at lokal- og regionavisene er ein viktig del av kvardagen til nordmenn, seier MBL-leiar Randi S. Øgrey om tala i ei pressemelding.
Sjå opplaget for avisene på Nordvestlandet under
Avisopplag på Nordvestlandet | ||||
Andre halvår 2023 | Endring i opplag | Endring i Prosent | ||
Netto total | Mot andre halvår 2022 | |||
Sunnmørsposten | 27915 | 890 | 3,2 % | |
Romsdals Budstikke | 17750 | 623 | 3,5 % | |
Møre-Nytt | 5156 | 96 | 1,9 % | |
Fjordenes Tidende | 4780 | 145 | 3,0 % | |
Vikebladet Vestposten | 4639 | 63 | 1,4 % | |
Vestlandsnytt | 4595 | -33 | -0,7 % | |
Nyss | 4174 | 219 | 5,2 % | |
Fjordingen | 3992 | 90 | 2,3 % | |
Åndalsnes Avis | 3529 | 91 | 2,6 % | |
Fjordabladet | 3240 | 68 | 2,1 % | |
Firda Tidend | 3051 | 55 | 1,8 % | |
Møre | 3014 | -31 | -1,0 % | |
Bygdebladet | 2283 | -15 | -0,7 % | |
Nordre | 2021 | 40 | 2,0 % | |
Synste Møre | 1989 | -9 | -0,5 % | |
Sulaposten | 1911 | 53 | 2,8 % | |
VestnesAvisa | 1328 | -71 | -5,3 % | |
Øy-Blikk | 1299 | 168 | 12,9 % | |
Storfjordnytt | 1185 | -102 | -8,6 % | |
Midsundingen | 1000 | -10 | -1,0 % | |
Kjelde: MBL |
Publisert: 06.03.2024 12:20
Sist oppdatert: 07.03.2024 07:35