Intership Geir Sandnes Ole Peter Brandal Håvard Grøntvedt og Kjetil Opshaug
HAREID: God vekst for Intership, her ved Geir Sandnes, Ole Peter Brandal, Håvard Johannes Grøntvedt og Kjetil Opshaug. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Rigga for rask vekst

Har bestilt nye brønnbåtar for to milliardar - og meiner det er stort behov for fleire nybygg.

26.07.2022

Dei sju brønnbåtane til det Hareid-baserte selskapet Intership segla inn 277,4 millionar kroner i fjor, opp frå 243,0 millionar året før.

Resultatet før skatt vart derimot redusert frå 66,8 millionar kroner i 2020 til 36,3 mllionar i fjor.

Ein vesentleg del av sikten kjem av at selskapet i 2020 hadde valutagevinst på 13,2 millionar kroner i 2020, mot tap på 13,3 millionar kroner i fjor.

Det går fram av årsrapporten, som no er klar.

Intership (konserntal)
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 277,4 243
Driftsresultat 91 83,1
Resultat før skatt 36,3 66,8

Skal vekse
Intership vart starta i 2014 av gründerane Ole Peter Brandal, Håvard Johannes Grøntvedt og Kjetil Opshaug. Dei tre er framleis aksjonærar i selskapet, men det britiske investeringsfondet Aso Lux sit no på 93,8 prosent av aksjane.

Målet er å vekse, og selskapet har to brønnbåtar under bygging ved det spanske Zamakona-verftet i Bilbao. Den første av dei 76,6 meter lange skipa skal leverast i 3. kvartal i år, og det siste i 1. kvartal neste år.

Satsar i Tyrkia
Men nyleg annonserte selskapet at ein skal byggje ytterlegare to brønnbåtar, denne gongen ved Sefine-verftet i Tyrkia.

Dei to siste båtane får ein lastekapasitet på 4.000 og 6.500 kubikkmeter, og har til liks med dei Spania-bygde skipa ein større batteripakke om bord. Båtane skal både fungere som vanlege brønnbåtar, og som behandlingsfartøy mot lus og sjukdom.

Dei Tyrkia-bygde skipa skal leverast i 4. kvartal 2024.

Behov for mange nybygg
Total investering i nybygg er på rundt to milliardar kroner.

Styret skriv i årsrapporten at det er stort behov for nybygg framover. I dei fleste marknader er det mangel på brønnbåtkapasitet, og dei båtane som er tilgjengelege er ikkje alltid tilpassa oppdrettarane sine behov. Difor må det byggjast meir nytt.

Av dei sju skipa Intership så langt eig, opererer to i Canada og to i Norge, og eitt skip kvar i Storbritannia, Chile og Island.

Ved årsskiftet hadde selskapet 121 tilsette, men dette talet vil no auke raskt.

Gjelda til finansinstitusjonar var ved årsskiftet på 867 millionar kroner, og samla eigenkapital på 492 millionar.

Publisert: 26.07.2022 08:41

Sist oppdatert: 26.07.2022 12:53

Mer om