Sommartoppen i turistbesoeket forsterka
YTRE SØRE-SATSING: Reiselivs sjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Sunnmøre & Ålesund under folkemøtet i Ulsteinvik tysdag. 
Nytt

Sommartoppen i turistbesøket forsterka

Fleire turistar besøker Sunnmøre om sommaren, men overturisme er framleis unntaket i regionen, meiner reiselivssjef Tom Anker Skrede.

Marius Rosbach
15.01.2020
Reiselivsnæringa på Nordvestlandet har dei siste åra satsa mykje på å utvide sesongen og fordele turistbesøket jamnare utover sesongane. Arbeidet har lukkast på det viset at fleire turistar kjem på besøk, spesielt om hausten.
Men sommarsesongen er framleis absolutt mest populær. Dei siste åra har konsentrasjonen av tilreisande om sommaren blitt forsterka (sjå illustrasjon).

– Nokre plassar og nokre dagar

Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre erkjenner at dei gjerne skulle sett at fjellet i illustrasjonen blei «flatare». Då reiselivssjefen deltok på eit folkemøte om reiseliv i Ulsteinvik tysdag påpeika han at overturisme likevel var eit avgrensa problem på Sunnmøre.
– I den grad vi snakkar om overturisme, så skjer det nokre plassar og nokre dagar gjennom året, sa han.
Talet på kommersielle gjestedøgn på Sunnmøre viser at reiselivet hadde drygt 170.000 gjestedøgn i toppmånaden juli i 2016. I 2017 og 2018 steig talet til om lag 190.000. Tala for 2019 er ikkje klare enno.

Les også:




Reiselivssjefen meiner regionen har god kapasitet og plass til å ta i mot fleire gjestar, men peiker på Geiranger som ei utfordring.

Møte hos næringsministeren

Nettopp Geiranger er mellom reisemåla som er peika ut til å fortelje om sine erfaringar under eit møte torsdag med næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Statsråden har invitert aktørar og destinasjonar til møte, for å høyre om utfordringar og løysingar kring overturisme. Dit kjem fleire representantar frå Nordvestlandet, mellom anna Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad og Erling Oppheim frå Nærøyfjorden Verdsarvpark.
– Veksten i reiselivet må skje på ein måte som kjem lokalbefolkninga til gode, og samstundes tek vare på våre unike natur- og kulturressursar, seier Isaksen i ei i samband med møtet.
Måler er å kome fram til forslag til løysingar både lokalt, regionalt og nasjonalt. I møte vil også næringsministeren synleggjere verkemidlane kommunane har.

Geiranger 3. verst langs kysten

Ifølgje ei fersk undersøking mellom cruiseturistane som besøkte Norge i sommar, kjem Geiranger 3. dårlegast ut av 11 cruisedestinasjonar langs kysten når det gjeld i kva grad dei besøkande opplever overturisme.
Heile 41 prosent svarer at dei i stor grad, eller til ein viss grad opplevde overturisme i turistbygda. Ålesund forresten kjem best ut av alle hamnene, der berre om lag ni prosent opplever det same.

Les meir:




Felles satsing på ytre søre

Tysdagens møte i Ulsteinvik var det første av fem i kommunane på ytre søre Sunnmøre den komande tida. Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven skal jobbe saman om å lage ein felles satsing for denne delen av regionen.
Reiselivssjefen for regionen meiner ei av utfordringane i desse kommunane er at reiselivet er for fragmentert.
– Potensialet er stort og vi må kople saman større delar av næringa, sa Skrede.
Jan Sverre Sivertsen frå selskapet 2469 Reiselivsutvikling er innleigd til prosjektet. Han trekte fram involvering av lokalbefolkninga som ein suksessfaktor.
– Det er utruleg viktig å finne balansen i høve kva som er toleevna og kva som gir ei positiv utvikling, sa han.

Vil lage nye reiselivstilbod

Mellom spørsmåla som blei stilt til deltakarane var: Kvifor treng vi besøkande, kva har vi å tilby dei, kor og når vil vi ha besøkande, kven vil vi invitere heim og korleis får vi tak i dei som skal kome.
I løpet av prosjektet, er det eit mål at ein skal kome fram til konkrete nye reiselivstilbod mellom anna via arbeidet i lokale prosjektgrupper. Ein skal også kome fram til nye samarbeid, matopplevingar og forslag til pakkeløysingar.

Les også:





Publisert: 15.01.2020 15:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50