Sp vil ha EOES debatt etter brexit
HELLER BREXIT ENN EØS: Marit Arnstad (SP) meiner at Storbritannias brexitavtale er betre enn avtalen Noreg har med EU, og at det aktualiserer debatten om å greie ut alternativ til EØS-avtalen. 
Nytt

Sp vil ha EØS-debatt etter brexit

Senterpartiet meiner Storbritannias brexitavtale er betre enn EØS-avtalen Noreg har med EU. Dei får støtte frå SV.

29.12.2020
NPK-NTB/NETT NO: Marit Arnstad, parlamentarisk leiar for Senterpartiet, meiner at Storbritannia har fått ein avtale som gir dei meir fridom og meir sjølvstende,
– Dei får tilgjenge til den indre marknaden og den felles handelen som er ønskjeleg, men dei slepp å vere del av ei dynamisk regelverksutvikling som legg sterke bindingar på den nasjonale politikken til dei enkelte land, seier ho til Klassekampen.

Alternativ til EØS-avtale

Arnstad tek atterhald om at ho ikkje har lese heile avtalen, men meiner at britane har fått ein betre avtale enn EØS-avtalen. Ho meiner det aktualiserer Noregs behov for å revurdere EØS-avtalen fordi brexitavtalen viser at det er mogleg å organisere handel på ein annan måte enn EØS-avtalen gjer.
Sp og SV har tidlegare gått inn for ei offentleg utgreiing om eit alternativ til EØS-avtalen, og Arnstad får støtte frå SVs Heming Olaussen, som leier SVs EØS-utval.

Slepp EU-domstolen

Han peikar mellom anna på at britane slepp å rette seg etter EU-domstolen og dermed slepp å måtte godta alle EU-lovgivingar slik som Noreg no må gjere.
– Denne avtalen er kvalitativt forskjellig og tek vare på nasjonal suverenitet på betre vis enn EØS gjer for oss, meiner Olaussen.

EU-binding

Utgangspunktet i avtalen er at det ikkje skal leggast toll på handelen, men det kan likevel bli det i eit visst omfang.
Storbritannia treng ikkje følgje EU sine standarar når det gjeld arbeidstakarrettar, miljøkrav, statsstøtte og fiskeri. Men avtalen inneber også at EU kan legg toll på britiske varer - og auke den - , dersom britiske standarar endrar seg mykje frå EU-standarar,
Bakgrunnen for at EU kan reagere med auka toll er at EU fryktar at næringslivet i eit Storbritannia med eit anna regelverk på dørstokken til EU-marknaden kunne utkonkurrerer EU-bedrifter, fordi britiske bedrifter kunne drive billegare. Handelsavtalen med Canada og Japan har ikkje bindingane mellom standarar og toll.

Publisert: 29.12.2020 09:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10