Står mellom Tersan og norsk verft
Giske-selskap vil utstyre energieffektiv krillbåt med vindturbinar og kanskje også solceller.
Krillselskapet Kitin på Giske har hatt kontakt med fem verft for bygging av sin 140 meter lange og 25 meter breie krillbåt. Fire av verfta er norske, eitt er utanlandsk.
Etter det NETT NO kjenner til er det utanlandske verftet tyrkiske Tersan, som har bygt ei rekke fartøy for norske reiarar.
Avtale i haust
Adm. dir. Rune Frostad i Kitin opplyser at selskapet tek sikte på å teikne endeleg avtale med byggjeverft i haust.
- Det står no primært mellom eitt norsk og eitt utanlandsk verft.
Han seier at det hadde vore gledeleg om kontrakten hadde hamna i Norge. Blant anna bygde Røkke-selskapet Aker Biomarine sin 130 lange krilltrålar Arctic Endurance ved Vard Brattvaag, medan skroget var bygt i Tulcea i Romania.
Stig Remøy-selskapet Rimfrost byggjer på sin side sin 120 meter lange krilltrålar ved tyrkiske Tersan.
Dette skipet skal etter planen leverast i første halvår neste år, etter å ha vorte utrusta ved norske Westcon.
60-70 prosent norsk
For Kitin er planen å få sitt første krillskip i operasjon i andre eller tredje kvartal 2024.
Det er Ålesund-selskapet Skipsteknisk som står for designet.
Rune Frostad seier at det i stor grad vert eit norsk skip, sjølv om bygginga vil kunne skje i utlandet.
- 60-70 prosent av utstyret vil kome frå norske leverandørar.
Les også
Lågt fuelforbruk
Det nye fartøyet er designa med tanke på høg effektivitet og lavt energiforbruk.
- SIdan vi ikkje skal varmebehandle fangsten, eller har behov for å produsere store mengder ferskvatn, vil fartøyet ha 50-60 prosent lågare fuelforbruk samanlikna med tradisjonelle fartøy. Dette sparer både kostnader og CO2 utslepp.
- Det låge fuelforbruket reduserer også behovet for hyppige bunkringar, og det er ein stor fordel når ein opererer i desse område i inntil 220 fangstdøgn, seier Frostad.
Fraktast med lastebåtar
Om bord i fartøyet skal krillen gjennom kaldprosessering ved at vatnet vert fjerna og krillen frosen ned i 20 kilos kasser. Desse skal så fraktast med lastebåtar til landanlegget på Sunnmøre, der den vidare bearbeidinga skal foregå.
Krillfartøyet får ein samla lastekapasitet på 5.900 tonn produkt.
- I høgsesongen reknar vi med å måtte losse i snitt kvar fjortande dag, seier Frostad.
60-70 prosent av utstyret vil kome frå norske leverandørar
65 personar
Om bord vil det vere lugarkapasitet til 65 personar, også til forskarar og inspektørar frå organisasjonen CCAMLR som overvakar og regulerer fiskeria i Antarktis.
Frostad seier at Kitin si løysing gjer at ein sparer mykje drivstoff, men at ein i tillegg ser på ulike løysingar som vil gjere fartøyet meir sjølvforsynt med energi. Når ein opererer i desse områda vil kvar spart liter drivstoff ha svært stor verdi, seier Frostad.
Batteri, vind og sol
- Vi ser også på bruk av fleire energibesparande tiltak. Ei hybridløysing med batteripakke, vindturbinar og solceller på skipet kan vere aktuelt.
- Fartøyet vil operere i eit område med både mykje vind og sol, og vi trur det vil gi stor effekt å utnytte denne energiressursen, noko som vil gi ytterlegare effektivisering og reduksjon av CO2 utslepp, seier Frostad
Men aller først må Giske-selskapet lukkast med å hente inn pengar, truleg rundt 1,5 milliardar kroner til båt og landanlegg. Prisen på båten ligg truleg på rundt 900 millionar kroner.
Publisert: 10.09.2021 09:05
Sist oppdatert: 31.12.2021 11:03