NTB b MLV Tc FK8 Ls 1
FLEIRE MILIARDAR: Anslaget for investeringar i oljeprosjekt er høgare enn venta. Her frå ei omvising i 2016 på plattforma på Edvard Grieg-feltet i Nordsjøen, 180 kilometer vest for Stavanger. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Større oljeopptur enn venta

Statistisk Sentralbyrå aukar investeringsanslaget for neste år med 25 milliardar kroner

16.11.2023

NPK-NTB/NETT NO: Investeringsanslaget til oljeselskapa for 2024 er 232 milliardar kroner, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er 25,3 milliardar kroner meir enn ved førre rapportering.

Oljeselskap har også skrudd opp anslaget for kor store investeringane blir i 2023, til 216 milliardar kroner. Det er 1,4 prosent høgare enn anslått for eitt kvartal sidan og heile 23,4 prosent høgare enn tilsvarande anslag for 2022, gitt i 4. kvartal 2022.

Nye feltutbyggingar
SSB tilskriv auken i investeringsanslaget nye feltutbyggingar som starta i desember i fjor. Desse hadde nesten ikkje utførte kostnader i fjor, men har store investeringar i år, skriv SSB.

Byrået peikar på at ein del av forklaringa på den sterke veksten skuldast at Stortinget vedtok eit skattepakke i 2020 som skulle hjelpe oljenæringa då oljeprisen fall kraftig i koronapandemien. Den sette fart i investeringsviljen og det blei levert svært mange planar for utvikling og drift av olje- og gassfelt innan fristen for å nyte godt av skattepakken gjekk ut ved årskiftet 2022/2023.

Neste år ventar SSB at det blir levert få søknadar om nye prosjekt.

Investeringstala som blir samla inn i denne statistikken er i løpande verdi, skriv byrået. Ein del av auken i investeringar skuldast med andre ord prisstiging.

Ifølgje SSBs nasjonalrekneskap er den årlege veksten i investeringsprisane dei første åtte månadene i år på 10,3 prosent. Investeringsveksten målt i faste prisar vil derfor bli klart lågare enn veksten i løpande prisar som blir indikerte i denne målinga, påpeikar byrået.

Friskmelde
Sparebank1 SMN friskmelde i sommar offshorereiarlaga som eig og driv skip som blir brukt til leiting, utbygging og drift av olje- og gassproduksjon til havs etter den lange nedturen som starta med oljeprisfallet i 2014.

Mange eldre skip er ut av marknaden, minimalt med nybygg har kome til og auka etterspørsel har løfta ratene, betalinga reiarane får for å leige ut skipa.

Offshorereiarane frå no rater på 2014-nivå, ifølge skipsmeklarselskapet Clarkson.

Publisert: 16.11.2023 09:30

Sist oppdatert: 16.11.2023 09:36