Stad hotell foto Stad hotell
LEIKANGER: Starten har vore tøff for Stad hotell, men eigarane ser ut til å få seg ein fin opptur i sommar. Foto: Stad hotell
Nytt

Tøff start for Stad hotell

Gler seg over ein god juli, og ein lovande august.

22.07.2021

- Juli i år er så langt veldig bra, og det ser bra ut for august.

Det seier dagleg leiar Øystein Wiig Rambøl ved Stad hotell på Leikanger.

Hotellsatsinga har fått ein tøff start, med tap både i 2019 og 2020. I fjor vart resultatet før skatt på minus 5,7 millionar kroner av ei omsetning på 8,9 millionar kroner. Eigarane måtte dermed tilføre selskapet midlar.

(saka held fram under tabellen)

Stad hotell
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 8,9 5,9
Driftsresultat -5,7 -3,2
Resultat før skatt -5,7 -3,3

Hausten er utfordring
Wiig Rambøl seier at vinteren og våren var krevjande, men grunna mykje bra vêr var helgane i mai fullbooka.

Han gler seg over ein veldig bra juli, og det som ser ut til å verte ein like bra august.

- Hausten ser så langt ut som ei utfordring, men september byrjar å fyllest opp med møter og arrangement, seier Wiig Rambøl.

Ervik havfiske-satsing
Hotellet har 32 rom, i tillegg til konferanselokale, møterom, bar, pub og restaurant.

Hotellet ligg i hamna i Leikanger, og er bygt opp av den renoverte Furebuda, i tillegg til at det er bygt ei ny fløy av den nyoppbygde Hoddevikbuda.

Selskapet hadde i 2020 elleve årsverk.

Hotellet er heileigd av Vestkapp Eiendom, som er ein del av Ervik Havfiske Holding.

Publisert: 22.07.2021 09:00

Sist oppdatert: 22.07.2021 08:36