Startar bransjegruppe fiskeri
Næringsforeningen Ålesundregionen satsar tyngre på fiskerinæringa.
Den nye bransjegruppa i Næringsforeningen Ålesundregionen skal vere i gang like før, eller like etter sommarferien, seier dagleg leiar Heidi Nakken.
Målet er både å etablere ein møteplass, og å styrke næringforeininga sitt arbeid for fiskerinæringa sine interesser.
– Vi ser at dei (fiskerinæringa, red.merk) treng eit diskusjonsforum , og at vi treng å vere tettare på den næringa når dei snakkar om sine ting, seier Nakken.
Fleire bransjegrupper
Den nye bransjegruppa blir etablert etter same modell som bransjegruppe havbruk, som samlar aktørar i oppdrettsbransjen.
I tillegg har næringsforeininga eige nettverk for yngre tilsette i næringslivet på Nordvestlandet, U37, for bedrifter på nordre Sunnmøre (Haram) og for eksportbedrifter.
Etterlyste engasjement
På fiskerikonferansen The Next Wave på Giske onsdag i førre veke, blei det mellom annet etterlyst eit sterkere engasjement for fiskerinæringa på Nordvestlandet - både fra næringa sjølv og frå politikarar.
Etterlysinga gjaldt både å gjere næringa synleg og arbeide for næringa sine interesser i politiske saker som til dømes kvotemeldinga som nyleg er vedteken.
Står for stor verdiskaping
Den siste utgåva av Nofima si årlege ringverknadsanalyse for fiskeriindustrien viser mellom anna at Ålesund er i særklasse størst rangert etter verdiskaping. Samla har denne industrien, og bedriftene som leverer maskiner, utstyr og tenester til den, ei verdiskaping på 10,6 milliarder kroner.
Målet etter verdiskaping er fiskeflåten i Ålesund størst i landet, med Herøy på andreplass og Giske på sjuandeplass, viste Nofima-tal som fiskeriansvarleg Runar Debess i Sparebanken Møre viste fram på konferansen. Til saman er det snakk om 2,1 milliardar kroner for dei tre kommunane.
I tillegg har Møre og Romsdal over 2000 registrerte fiskarar. Likevel er næringa på Nordvestlandet lite synleg både lokalt og i den nasjonale debatten om fiskerinæringa, sa dagleg leiar Anders Bjørnereim i fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish på konferansen.
Publisert: 20.05.2024 05:00
Sist oppdatert: 19.05.2024 23:06