Lisa Edvardsen Haugan foto marius 11
SKAL TILSETTE NYE: Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan fortel at det sjømilitære kontoret til Kongsberg Gruppen i Ålesund i utgangspunktet skal ha mellom 5 og 15 tilsette. Foto: Marius Rosbac
Nytt

Startar jakta på tilsette til nytt kontor

Kongsberg er blitt mange fleire på Nordvestlandet siste året. No skal dei rekruttere minst 5-15 nye.

Stillingsannonsene for Kongsberg Gruppens nye sjømilitære kontor er like om hjørnet.

Det kom fram då representantar frå fem verft og utstyrsleverandøren var samla til pressetreff i Ulsteinvik fredag.

Selskapet vil i første omgang vere på jakt etter mellom fem og 15 personar, som skal ha kontor i NMK-bygget i Ålesund, der Kongsberg Gruppen allereie held til i dag.

Det stadfestar Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan til Nett No.

– Det har også potensial til bli mykje større, avhengig av kva som skjer vidare, legg ho til.

Skal styrke samarbeid
Kongsberg Gruppen offentleggjorde tidlegare fredag at deira nye sjømilitære satsing skal styrast frå Ålesund.

Målet er mellom anna å få til eit tettare samarbeid med bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet og forsvarsindustriet.

Under pressetreffet blei det understreka at dette er første gong det blir etablert ei slik avdeling i Møre og Romsdal.

Blei 75 fleire tilsette i Møre og Romsdal i fjor
Det nye kontoret vil ligge under Kongsberg Gruppen, som allereie er tungt til stades som ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet.

I løpet av fjoråret veks Kongsberg Maritime med kring 780 tilsette. Av dette var kring 250 i Norge – og 75 ved avdelingane i Møre og Romsdal.

Haugan anslår at dei vil vekse i om lag same takt i løpet av 2024.

Kongsberg Green Yard Myklebust Foto Marius
SAMARBEID: Hans Jørgen Fedog (f.v.) frå Green Yard Kleven, Leiv Sindre Muren frå Myklebust Verft , Arild Skoge, Lisa Edvardsen Haugan og Even Aas frå Kongsberg Foto: Marius Rosbach

Kongsberg Gruppen har lansert eit eige design for nye skip til forsvaret, der skipa blir standarisert og bygd i ulike storleikar og for ulik utrustning. Konsernet har inngått eit samarbeid med fem verft; Green Yard Kleven, Myklebust Verft, Umoe Mandal, Westcon Yards og Fosen Yard.

Då Nett No omtala samarbeidet i fjor, var også Ulstein Verft med. Dei er no ute, og annonserte i fjor eit samarbeid med Vard-gruppen.

På ein pressekonferansen hos Green Yard Kleven i Ulsteinvik blei planane og forhåpningar for vidare samarbeid presentert.

– Har eit stort inntektspotensial
Kongsberg Maritime-sjefen fortel at samarbeidsprosjektet i første omgang konsentrerer seg om behovet for ein flåte med standardiserte fartøy til det norske forsvaret.

– Vi skal også gjere dette til ein eksportartikkel som vi meiner har eit stort inntektspotensial. Det vil krevje ein organisasjon rundt seg som kan bli langt meir enn dei 5 til 15 personane vi startar med, seier Haugen.

I første omgang må industrien venta på ei konkretisering frå politikarane om korleis midlane skal prioriterast i revidert statsbudsjett. Der håpar ein at det blir sett fortgang i arbeidet med konkrete byggeplanar.

Håpar at stillingane er attraktive
Det nye Kongsberg-kontoret i Ålesund skal mellom anna sørge for at samarbeidskonseptet blir vidareutvikla framover.

Haugan håpar at stillingane på det nye kontoret vil trekke til seg attraktive søkjarar. Dei kan vere ute etter fleire type fagkunnskap.

– Om du har erfaring frå både den maritime bransjen og frå forsvarsindustrien, så er det ein fantastisk kombinasjon, seier ho.

Publisert: 31.05.2024 11:53

Sist oppdatert: 31.05.2024 14:04

Mer om