Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
HENTAR PENGAR: Dagleg leiar Gustave Brun-Lie (innfelt) har forplikta seg til å gå inn med ein million kroner i kapitaltutvidinga i selskapet. Foto: Statt Torsk
Nytt

Statt Torsk på pengejakt

Vil ha inn mellom 26,7 og 50 millionar kroner før børsen opnar onsdag.

28.06.2022

Pengane frå kapitalutviding skal finansiere auka produksjon. Meir fisk skal i sjøen, og til det trengst det kapital.

Det er Danske Bank og Sparebank 1 Markets som har fått jobben med å få inn pengane før klokka 08 onsdag 29. juni.

Kursen i kapitalutvidinga er sett til to kroner aksjen.

Les børsmelding frå selskapet her

Då børsen stengte tysdag var aksjekursen i Statt Torsk 2.25 kroner. Det verdset torskeoppdrettselskapet til 373 millionar kroner.

Statt Torsk hadde planlagt å slakte torsken sin hos fiskeindustribedrifta Per Stave ved Leikanger på Stadlandet. Per Stave gjekk nyleg konkurs og førebels er det ikkje avklart kvar Statt Torsk skal slakte torsken sin.

Publisert: 28.06.2022 20:16

Sist oppdatert: 28.06.2022 21:05

Mer om