Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
SLAKTERIPROBLEM: For andre gang på eitt år må Statt Torsk-sjef Gustave Brun-Lie (innfelt) finn ei ny løysing for å få slakta fisken sin. Foto: Statt Torsk
Nytt

Statt Torsk-uvisse etter konkurs

Satsa på den konkursråka fiskeriforedlingsbedrifta Per Stave for å få oppdrettstorsken sin slakta.

08.06.2022

I fjor haust trekte den opphavleg partnaren seg frå avtalen om å slakte torsken frå det børsnoterte oppdrettsselskapet Statt Torsk. Det var berre tre veker før selskapet skulle levere den første fisken til slakteriet.

På kort tid fekk Statt Torsk på plass ein ny avtale, med fiskeforedlingsbedrifta Per Stave ved Leikanger på Stadlandet.

No er Per Stave as konkurs.

Full drift
I september i år startar selskapet slakting av 3000 tonn oppdrettsproduksjon frå sin første produksjon i full skala.

Frå mai 2023 er målet å kunne levere oppdrettstorsk året rundt.

NETT NO har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Statt Torsk om kva konsekvensar konkursen i Per Stave får for Statt Torsk. Bustyrar Endre Rutledal skal ha eit møte med leiinga i Per Stave i dag.

Betydlege kostnadar
- Eit stort sjokk, sa dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie i Statt Torsk til NETT NO i februar i år om meldinga selskapet fekk frå sin potensielle slaktepartnar i fjor haust.

Han ønskte ikkje å opplyse kven som skulle stå for slaktinga, men sa det førte til "betydelege kostnader" at Statt Torsk på kort varsel måtte finne ei anna løysing - å slakte hos Per Stave as - for å få slakta fisken sin.

Publisert: 08.06.2022 10:19

Sist oppdatert: 08.06.2022 10:25

Mer om