IKKJE BRUK Peggy Hessen Følsvik foto Berit Roald NTB
STEILE FRONTAR: NHO-sjef Ole Erik Almlid har stilt krav om reallønnsnedgang. Konstituert LO-leiar Peggy Hessen Følsvik stiller til lønnsforhandlingar med krav om at kjøpekrafta blir halde oppe og at lågtlønte får eit ekstra tillegg. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK, Berit Roald / NTB / NPK
Nytt

Steile frontar ved innspurten til lønnsoppgjeret

Frontane er hardare enn vanleg før lønnsoppgjeret i vår. Med pandemien som bakteppe blir oppgjeret ekstra krevjande, trur arbeidslivsforskar.

NPK-NTB: – Spørsmålet er om frontane er hardare. Og det er dei nok, seier arbeidslivsforskar Kristine Nergaard ved Fafo til NTB.

Onsdag går startskotet for innspurten i lønnsoppgjeret. Då møtest NHO og LO for formelt å overlevere krava dei har til kvarandre.

Stor avstand
Det er allereie kjent at partane står langt frå kvarandre i år. NHO går til forhandlingsbordet med krav om at ramma for årets lønnsoppgjer ikkje overstig 2,2 prosent, som er anslått lønnsvekst hos Noregs handelspartnarar. Sidan den anslåtte prisstiginga er på 2,8 prosent, tek NHO i realiteten til orde for ein reallønnsnedgang.

LO krev på si side at kjøpekrafta blir halden oppe, og at låglønte får eit ekstra løft.

Kravoverleveringa skulle eigentleg ha skjedd 15. mars, men måtte utsetjast fordi LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen døydde uventa. Partane har frist på seg til midnatt natt til laurdag på å bli samde.

– Krevjande forhandlingar
Årets oppgjer er eit såkalla mellomoppgjer, der det berre er lønn det skal forhandlast om. Vanlegvis går slike oppgjer nokså fredeleg for seg, men i år kan det bli ekstra krevjande, ikkje minst fordi koronapandemien har ramma næringslivet så ulikt, meiner Nergaard.

– Det kjem til å bli ein dragkamp om både ramma og låglønnstillegga, seier arbeidslivsforskaren, som er temmeleg sikker på at oppgjeret vil ende hos riksmeklaren.

I mellomoppgjera blir låglønte som regel sikra eit ekstra tillegg. Dei siste åra har dette vore gitt til folk med ei snittlønn på 90 prosent av industriarbeidarlønn, men i år krev NHO at innslagspunktet blir sett lågare. Det vil medføre at færre fell innunder ordninga.

– NHO har vore veldig klare på at det er lite pengar å hente, medan LO har ein klar ambisjon om likelønns- og låglønnsprofil. Dei vil nok ikkje kjøpe argumentet om at folk i serverings- og reinhaldsbransjen ikkje skal ha meir pengar, men peike på at folk vil stå i kø på utestadene til hausten. Så LO er nok ikkje veldig innstilt på dette, seier Nergaard.

Frontfagsmodellen ei utfordring
Blant offentleg tilsette, som lærarar og sjukepleiarar, har det allereie vore murra kraftig over at lønnsforskjellane aukar. I fjor var det berre offentleg sektor som stelte seg til ramma på 1,7 prosent som vart forhandla fram, medan privat sektor enda til dels langt over.

Utfordringa er at det offentlege har små moglegheiter til å gi lønnstillegg som er større enn ramma, påpeikar Nergaard.

– Det vil vere veldig vanskeleg for både staten som arbeidsgivar og KS å gå utanom det som er avtalt for frontfaget. Det vil føre til kraftig politisk diskusjon og vil setje heile modellen for norsk lønnsdanning i spel, seier ho og peikar på at då vil òg industriarbeidarane krevje meir lønn.

– På lengre sikt kan det få konsekvensar for økonomien, som svekt konkurranseevne og tapte arbeidsplassar i industrien, seier ho.

Streik vanskeleg
Heller ikkje streikevåpenet er mykje verd i oppgjeret i år.

– Sjukepleiarane og andre helsearbeidarar veit jo at det er umogleg å gjennomføre ein stor streik akkurat no. I år kan vi vere heilt sikre på at ein streik straks vil hamne i lønnsnemnd, seier Nergaard.


Publisert: 22.03.2021 08:44

Sist oppdatert: 22.03.2021 08:45