Vard langsten innfelt hege anita akselvoll foto marius ogne 11
TOMREFJORD: Kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll (innfelt) i Vard fortel om god aktivitet for tida. Ved Langsten-verftet i Tomrefjorden har dei oppdrag med det tredje ekspedisjonscruiseskipet til Hapag-Lloyd Cruises. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

– Arbeidarane har strekt seg langt

Vard-verfta har sett i verk kostbare tiltak for å unngå forseinkingar og set pris på at restriksjonane no blir lempa på.

Marius Rosbach
13.04.2021

Verftskonsernet Vard er glade for at Næringsminister Iselin Nybø (V) vil innføre fleire unntak frå innreisereglane for utanlandsk arbeidskraft.

– Kvart steg som blir teke for at vi skal få inn nødvendig kompetanse og kapasitet, er positivt for oss, fortel kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til NETT NO.

Konsernet har tre verft på Nordvestlandet, i Søvika, Brattvåg og Tomrefjorden. Ved alle desse er det no høg aktivitet. Då innreisestoppen blei innført var verftsindustrien spente på om restriksjonane kunne føre til forseinkingar på prosjekt, om den blei langvarig.

Arbeidarane har vore fleksible
Vard er mellom dei som er heilt avhengige av å få fagfolk frå utlandet, og verfta har iverksatt mange kostbare tiltak for å unngå forseinkingar.

Fasiten så langt, er at er at Vard trass alt har greidd å halde hjula i gong.

– Arbeidarane har strekt seg langt. Dei som er tilreisande har vist veldig stor fleksibilitet og velvilje til å strekke arbeidsrotasjonen, slik at dei kan ha blitt lengre i Norge, og redusere talet på reiser inn og ut av landet, fortel Akselvoll.

Sjølvsagt er det meirarbeid for verfta, men det har fungert greitt
Hege Anita Akselvoll

Det har i den seinare tid vore moglegheiter til å få inn spesialistar gjennom ei søknadsbasert unntaksordning administrert av Sjøfartsdirektøratet. Akselvoll fortel at det har fungert godt for dei.

– Vi har eit godt samarbeid med Sjøfartsdirektoratet og opplever det som ei god ordning. Sjølvsagt er det meirarbeid for verfta, og den har så langt ikkje dekka alle fagdisiplinar vi har behov for. Men det har fungert greitt, og det har vore svært viktig for oss at vi har moglegheit til å ta inn arbeidarar på ein kontrollert måte for både styresmakter og verfta, meiner kommunikasjonssjefen.

Ein del arbeidarar reiste heime i påska, men ikkje på langt nær så mange som kring juletider.

– Vi har stor forståing for at ein del arbeidarar ville reise heim til påska, men det har ikkje vore den store utskiftinga som vi hadde kring årsskiftet, fortel Akselvoll.


Bransjeuavhengig ordning

Endringane som næringsministeren gjer – og som skal gjelde frå onsdag – omfattar personell som er strengt nødvendig for å unngå driftsstans i prosjekt, eller bedrifter.

Ved at ordninga blir gjort bransjeuavhengig kan den i prinsippet gjelde alt frå bedriftsleiarar, forskarar, idrettsutøvarar og skodespelarar.

Det blir stilt krav til at arbeidstakaren har spesialisert kompetanse, og at denne ikkje er tilgjengeleg i den norske arbeidsmarknaden. Unntaksregelen og utvidinga er meint å vere snever, og vil bli tolka strengt, heiter det i pressemeldinga frå næringsdepartementet tysdag.

Håpar på fleire tiltak for verfta
Verfta er mellom dei bedriftene som har hatt høgast utgifter til smitteverntiltak som følgje av pandemien. I haust ble det klart at regjeringa går inn for ei ordning der bedriftene får dekka eit kronebeløp per døgn for tilsette som er i karantene.

Ordninga er ikkje sett ut i livet enno, men er venta å kome i løpet av kort tid.

– Vi har hatt veldig store ekstraordinære utgifter gjennom heile pandemien, så den tilskotsordninga vil vere viktig for oss. Vi håpar også at det kan kome andre ordningar etter kvar, som kan støtte verftsaktivitet og maritim industri, seier Akselvoll i Vard.

Publisert: 13.04.2021 16:01

Sist oppdatert: 13.04.2021 16:36

Mer om