Dei to siste åra har fem tilsette arbeidd på heiltid med å utvikle ein integrasjonsplattform som gjer det råd for dei ulike datasystema i ei bedrift å snakke saman.
I år har Localhost sett ytterlegare to personar på jobben med å vidareutvikle systemet, som også kan byggast på med element som eventuelt manglar i dei systema bedriftene allereie brukar.
I fjor starta salet i større skala, og det bidrar til veksten i driftsinntekter frå 22,8 til 27,5 millionar kroner.
Systemet forenklar mellom anna administrasjon, gjer det enklare å ta i bruk robotar i produksjonen og gjer det raskare å få ut rapportar og analyser av drifta.
Localhost blei etablert i 2011 og driv med programmering og systemutvikling, it-servicetenester, sal av maskiner og drift av datasenter.
Localhost er eigd av selskapet Localhost Holding, som og eig data- og forbrukarelektronikkforhandlaren Net Partner i Måløy.
Localhost Holding er største eigar i Norwegian Datacenter Group, som eig ein tredjepart av aksjane i datalageringsenteret Lefdal Mine Datacenter, som opna anlegget sitt i den nedlagte olivingruva i Nordfjord i fjor. Localhost Holding eig også 3,33 prosent i Lefdal Mine Datacenter direkte.
Gunnar og Evelyn Carlson og Svien og Kristian Skibens eig saman 23,33 prosent av aksjane i Localhost Holding gjennom selskapet Måløy Eiendomsutvikling, Egil Sverre Skibnes eig 15 prosent og Sindre Kvalheim 14 prosent.
I år har Localhost sett ytterlegare to personar på jobben med å vidareutvikle systemet, som også kan byggast på med element som eventuelt manglar i dei systema bedriftene allereie brukar.
I fjor starta salet i større skala, og det bidrar til veksten i driftsinntekter frå 22,8 til 27,5 millionar kroner.
Sparer tid
Ideen bak det heile er enkel. Når ein kunde bestiller eit produkt blir bestillinga utforma og lagt inn på nett, gjerne av kunden sjølv, eller i samarbeid med tilsette i med bedrifta som skal levere. Derifrå skal all informasjon gå automatisk vidare til økonomistyringssystem, produksjonsstyringsystem, distribusjonssystem - og andre system bedrifta brukar.Systemet forenklar mellom anna administrasjon, gjer det enklare å ta i bruk robotar i produksjonen og gjer det raskare å få ut rapportar og analyser av drifta.
Aukar utviklingskostnadane
I år spår administrerande direktør Sindre Kvalheim i Localhost at driftsinntektene vil vekse minst like mykje som i fjor. Overskotet kjem ikkje til å auke i same takt, mellom anna fordi selskapet aukar utviklingskostnadane.Localhost blei etablert i 2011 og driv med programmering og systemutvikling, it-servicetenester, sal av maskiner og drift av datasenter.
Localhost er eigd av selskapet Localhost Holding, som og eig data- og forbrukarelektronikkforhandlaren Net Partner i Måløy.
Localhost Holding er største eigar i Norwegian Datacenter Group, som eig ein tredjepart av aksjane i datalageringsenteret Lefdal Mine Datacenter, som opna anlegget sitt i den nedlagte olivingruva i Nordfjord i fjor. Localhost Holding eig også 3,33 prosent i Lefdal Mine Datacenter direkte.
Gunnar og Evelyn Carlson og Svien og Kristian Skibens eig saman 23,33 prosent av aksjane i Localhost Holding gjennom selskapet Måløy Eiendomsutvikling, Egil Sverre Skibnes eig 15 prosent og Sindre Kvalheim 14 prosent.
Publisert: 27.06.2018 14:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23