Sterkare avslutning for Hexagon
BETRING: Konsernsjef Jon Erik Engeset i Hexagon Composites offentleggjorde onsdag tala for fjerde kvartal i fjor. 
Nytt

Sterkare avslutning for Hexagon

Dobla resultatet i siste kvartal i fjor.

Marius Rosbach
12.02.2020
Hexagon Composites leverte eit driftsresultat på 99,1 millionar kroner i fjerde kvartal 2019.
Det er ei kraftig forbetring samanlikna med same kvartal året før då resultatet enda på 55,2 millionar.
Omsetninga gjekk også opp og enda på 942 millionar, ei auke frå 426 millionar i fjor.
(ekstern lenke)
Driftsresultatet for 2019 blei på 360 millionar kroner – ei auke på meir enn 50 prosent. Ved utløpet av året hadde Composites ei samla omsetning på 3,4 milliardar, ei auke på 13 prosent samanlikna med året før.
Bakgrunnen er sterk utvikling i datterselskapene Agility Fuel Solutions og Hexagon Purus, i tillegg til Hexagon Ragasco, ifølgje ei onsdag morgon.
Resultat før skatt for heile 2019 blei 112 millionar kroner, som er ein nedgang frå 168 millionar i 2018.

Oppkjøp fullt konsolidert


Omsetningen auka med 130 prosent samanlikna med året før. Drygt 44 millionar kjem som følge av at selskapsområdet Agility Fuel Solutions blei fullt konsolidert frå januar i fjor.
Selskapet viser i børsmeldinga mellom anna til ei treårskontrakt med UPS til ein verdi på opptil 900 millionar kroner og flere avtaler på levering av hydrogentanker.
Driftsmarginen for heile konsernet - sett vekk frå hydrogensatsinga, er på 14 prosent.

Mista milliardavtale

Etter at konsernet mista ein milliardavtale med ein større bilprodusent i januar, stupte aksjekursen frå ein verdi på nærare 40 kroner.
I ettertid er mykje av verdien henta inn, og har i det siste stabilisert seg kring 35 kroner. Avtalen blei inngått sommaren 2018 medverka til ein langvarig opptur på børsen, frå rundt 25 kroner per aksje til toppen - nesten 44 kroner per aksje - i mai 2019.
Japanske Mitsuie er største akjsonær med 32,6 prosent av aksjane, medan Flakk-gruppen har 19,5 prosent. Selskapet har hovudkontor i Ålesund og har mellom anna produksjon på Raufoss, i USA og Tyskland.

Les også:


Publisert: 12.02.2020 15:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52