Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKT: Tomislav Debeljak (t.h.) er representert i retten ved Deloitte-advokatane Mari Elisabeth Wetlesen og Daniel Herde. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sterkt kritisk til drifta på Kleven

Advokatane til den tidlegare Kleven-eigaren tilbakeviste ein rekke av påstandane frå konkursbuet.

Marius Rosbach
09.11.2023

Tidlegare Kleven Verft-eigar Tomislav Debeljak var sterkt kritisk til økonomihandteringa i selskapet han overtok våren 2020. Det kom fram under innleiingsføredraget til Debeljak sine advokatar torsdag.

Kroaten møter denne veka i Hordaland tingrett saksøkt av konkursbuet etter Kleven-verftet. Etter at saksøkjarane innleia med sitt syn på saka onsdag, var det klart for dei saksøkte sitt innleiingsføredrag torsdag.

Dei meiner både Debeljak og forsikringsselskapet som teikna styreforsikring, skal frifinnast og la ned påstand om det.

I løpet av dagen kom det fram at Debeljak meinte den dåverande verftsleiinga hadde inngått ein rekke avtaler som Kleven kom dårleg ut av.

Den kroatiske eigaren var spesielt kritisk til avtalen som var inngått i samband med det sokalla Havyard-prosjektet – eit skip som var under bygging og er sentralt i saka.

– Press på styret
Advokat Mari Elisabeth Wetlesen tok innleiingsvis opp det mykje omtale skipsbyggingsprosjektet som skulle skaffe pengar i kassa på verftet.

Ho viste ved hjelp av e-postar korleis det nye styret fekk svært kort tid på seg til å ta stilling til kontrakten med Havyard om å ferdigstille skipet.

I e-postane går det fram at Debeljak og Div Group var misnøgd med vilkåra i avtalen som i hovudsak blei jobba fram av dåverande finansdirektør Ola Beinnes Fosse.

– Det var press på styret til å fatte avgjerder basert på mangelfull informasjon med urealistisk korte tidsfristar, og informasjon som blei delt stykkevis og delt, sa Wetlesen.

Dette er verdt å minne om prosessen skjedde i ein periode då koronapandemien gjorde at store delar av samfunnet var stengt ned. Det meste måtte difor handterast skriftleg via e-post.

– Bekymra for at pengane rann ut
Dei saksøkte teikna eit heilt anna syn på kva som var situasjonen ved verftet, enn det som blei gitt fra buet si side onsdag.

Medan buet meinte det vart innført einevelde, kunne dei saksøkte sine advokatar vise til at ein rekke personar frå Div Group var involvert for å førebu arbeidet med å integrere Kleven-verftet i konsernet.

Debeljak si oppfatning var at den lokale verftsleiinga hadde problem med å innsjå at Kleven no var blitt ein del av eit større konsern. Samtidig var Div Group uroa for det dei meiner er mangelfull dokumentasjon kring fleire fakturaer.

– Dei var bekymra for at pengane rann ut av selskapet, påpeika advokat Daniel Herde frå dei saksøkte si side.

Både finansdirektør Fosse og tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad skulle etter planen vitne i Bergen. Då rettssaka starta blei det klart at dei slapp, for å spare tid under dei sju dagar lange hovudforhandlingane.

Ville gjere Kleven lønnsam
Ikkje berre hevdar den tidlegare verftseigaren at han var oppriktig bekymra for korleis verftet brukte pengar i ein pressa situasjon, men at han ville nytte Div Group sine ressursar til å gjere Kleven til eit veldrive verft.

Advokatane viste også til at lønnsam drift ikkje hadde vore verftet sin sterke side dei siste åra.

For å illustrere poenget vart det vist til ein kommentarartikkel i Sunnmørsposten - der det blir påpeika verfta sin svake økonomiske situasjon - medan reiarar og leverandørindustrien står langt sterkare.

Betalte inn arbeidskapital
Medan saksøkjarane teikna eit bilde av at Debeljak hadde svekka tillit hos bankane, viste dei saksøkte fram ein e-post frå ein advokat på vegner av alle bankane, der dei bedyrar at dei har tiltru til motiva til Debeljak og Div Group.

E-posten blei sendt i slutten av mai – få veker før bankane sa opp sine avtaler.

Advokat Daniel Herde som også representerer Debeljak, viste vidare korleis Div Group i starten av juni 2020, overførte dei første fem millionane kroner til verftet som skulle nyttast til arbeidskapital.

– Det er ikkje i samsvar med at ein forsøker køyre selskapet konkurs med hensikt, påpeika han.

Forhandlingar i gemyttleg tone
Advokat Karl Rosén som representerer forsikringsselskapet Tryg, meinte saksøkjarsida hadde lagt fram svake bevis for at Debeljak hadde drive utpressing av underleverandørar.

Han påpeika at det var ei alvorleg skulding som skjerpar beviskrava.

Rosén kunne på si side vise fram fleire e-post-korrespondansar - mellom anna med Hareid Group - som viste reforhandlingar om pris ført i gemyttleg tone.

Og medan saksøkjarane hevdar at det blei innført betalingsstopp, kunne dei saksøkte vise kontoutskrifter med utbetalingar til leverandørar utover i juni 2020.

Publisert: 09.11.2023 17:09

Sist oppdatert: 16.11.2023 17:43

Mer om