kleven -  Zoran Kunkera - Kjetil Bollestad - Tomislav Debeljak (midten) Foto: Marius Rosbach
SØKSMÅL: Tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad (t.h.) slepp truleg vitne i søksmålet mot tidlegare Kleven-eigar Tomislav Debeljak (midten) og Zoran Kunkera frå Div Group. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Slepp truleg vitne mot tidlegare eigar

Klart for oppvask etter Kleven-konkursane. Søksmålet mot tidlegare verftseigar startar i dag.

Marius Rosbach
08.11.2023

Onsdag startar søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven Verft. Hovudforhandlingane går over sju dagar i Hordaland tingrett i Bergen.

Konkursbuet har gått til søksmål mot Debeljak fordi dei meiner måten han handterte eigarskapet, var den direkte årsaka til at verftsselskapa gjekk over ende for tre år sidan.

I løpet av rettsaka skal buet overtyde retten om at den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak skal betale 168 millionar kroner for tapa til dei tidlegare verftsselskapa. Også forsikringsselskapet Tryg som teikna styreforsikring for Debeljak, er saksøkt for 30 millioner.

Slepp truleg vitne
Tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad og tidlegare finansdirektør Ola Beinnes Fosse var mellom vitna som var kalla inn på førehand.

Jan Vablum frå advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig representerer buet og opplyser til NETT NO at det «mest truleg» ikkje blir behov for at den tidlegare verftsleiinga forklarar seg i retten.

Årsaka er at dei vil forsøke avgrense talet på vitne. Til saman var det meldt inn 15 vitne på førehand - 10 frå saksøkarane og 5 frå dei saksøkte.

Då NETT NO snakka med Kjetil Bollestad i førre veke, sa den tidlegare verftsdirektøren at han var oppteken av å få fram fakta i saka, og ikkje hadde noko spesielle forventingar til å møte Debeljak igjen.

Meiner Debeljak har personleg ansvar
Buet meiner den kroatiske forretningsmannen bør haldast personleg ansvarleg for tapet for verftet i samband med konkursane.

Debeljak slo seg opp på skruar og har bygd opp det kroatiske verftskonsernet Div Group. Han kom inn som eigar i Kleven Verft våren 2020.

Berre få månader etterpå hadde forholdet til bankane skåre seg – og konflikten enda med at alle tre verftsselskapa melde oppbod i juni 2020.

To dagar med innleiingsføredrag
Det er sett opp ein førebels plan for dei sju dagane i tingretten i Bergen.

Onsdag startar saka med innleiingsføredrag frå buet sin advokat Jan Vablum. Det vil gå føre seg heile dagen, avbrote av lunsj.

Torsdag blir det ifølge planen innleiingsføredrag frå dei saksøkte sine advokatar Daniel Herde og Daniel Herde frå advokatfirmaet Deloitte.

Fredag er det klart for bustyrar Bjørn Åge Hamre sin partsforklaring. Etterpå er det venta at Tomislav Debeljak vil bruke resten av dagen til si forklaring.

Tomislav debeljak div group kleven mars 2020 11
OMSTRIDD SKIP: Tomislav Debeljak under det første besøket ved Kleven-verftet. I bakgrunnen skipet som er utgangspunktet for storleiken på søksmålet frå buet. Buet meiner verftet gjekk glepp av gevinsten frå leveringa av skipa, som følgje av Debeljak sin oppførsel. Foto: Marius Rosbacht

Banksjef og GIEK-tilsette i vitneboksen
I hovudsak vil det vere advokatane som var involvert i saka før konkursane, som vil vitne for saksøkarane, ifølgje Vablum.

I tillegg er banksjef Rune Malvik frå Sparebanken Midt-Norge og to tilsette i tidlegare GIEK kalla inn til saka på vegner av konkursbuet.

Dei første vitneforklaringane er venta å skje måndag neste uke. Først skal saksøker sine vitne forklare seg, før dei saksøkte sine vitne slepp til tysdag.

For dei saksøkte skal både innkjøpsansvarleg, finansdirektør og sjefen for lovavdelinga i Div Group forklare seg. Det skal også Zoran Kunkera, som Debeljak omtala som «chief business officer», saman med Deloitte-advokat Peder Brøndmo.

Publisert: 08.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 07.11.2023 23:44

Mer om