Stikk motsett syn i retten
INGEN SKYER: Edgar Sandanger såg ingen skyer i horisonten for salsselskapet Sunsea Seafood då han avtalt å selje laksefilet mot forskotsbetaling til eit israelsk selskap i mai 2017. I bakgrunnen advokat Bjarte Aambø. 
Nytt

Stikk motsett syn i retten

Var eigenkapitalen i salsselskapet Sunsea Seafood i realiteten tapt og kassa tom då selskapet Eve Reshatot i mai 2017 betalte 2,5 millionar kroner på forskot for ein leveranse med laksefilet?

27.02.2020
Spørsmålet er sentralt i rettsaka som starta mellom det israelske selskapet og Edgar Sandanger i Sunnmøre Tingrett i dag.
Det israelske selskapet fekk berre omlag halvparten av fisken, og i dag starta rettsaka der selskapet krev 1,2 millionar kroner i erstatning frå Edgar Sandanger personleg.

Kravet er grunngjeve med at Sandanger i rolla som styreleiar ikkje informerte det israelske selskapet om den kritiske stoda i produksjonsselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood då handelen blei avtalt.

Reelt konkurs

I sitt innleiingsforedrag sa Eve Reshatot sin advokat - Christian Garmann - at Sunsea Seafood i realiteten var insolvent og viste til halvårsreknskap og årsreknskapsrapportar for selskapet. Hadde Sandanger informert om den økonomiske stillinga og at Mattilsynet hadde varsla om stenging av produksjonsanlegget som blei drive av produksjonsselskapet Sunsea, ville utfallet blitt eit anna.
- Det betyr ikkje at handelen ikkje ville ha kome i stand, men det måtte gjerast på ein annan måte, sa Garmann.
Både Sunsea og Sunsea Seafood gjekk konkurs i 2018, men Eve Reshatot held Sandanger personleg ansvarleg for kravet sitt.
Sandanger er også personleg saksøkt av Norway Royal Salmon for ein annan fiskehandel. Høgsterett har oppheva dommen i Lagmannsretten der Sandanger blei dømt til å betalt 4,2 millionar kroner erstatning. Høgsterett si avgjerd betyr at kravet må behandlast i ei ny rettsak i lagmannsretten.

Var ikkje konkurs

Edgar Sandanger sin advokat, Bjarte Aambø, la fram ei stikk motsett vurdering av når salsselskapet Sunsea Seafood var insolvent: Reknskapsrapportane som Garmann byggjer si forttolkning på gir ikkje eit rett bilete at situasjonen då avtalen mellom Sunsea Seafood og Eve Reshatot blei inngått i mai 2017. Det er ingen haldepunkt for at Sunsea Seafood var insolvent då avtalen med Eve Reshatot blei inngått og Aambø viste mellom anna Søre Sunnmøre tingrett i april 2018 avviste ei konkursbegjæring mot selskapet.
- Såg du nokon skyer i horisonten våren 2017, spurde Aambø då Sandanger held sitt partsforklaring.
- Nei, svarte Sandanger.
På det tidspunktet frykta han heller ikkje at produksjonsanlegget til produksjonsanlegget til Sunsea skulle bli stengt, som det blei frå slutten av juli, og fram til oktober 2017.

Publisert: 27.02.2020 16:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53