Stinn brakke paa jobbmesse
FULLT HUS: Trongt om plassen i Ørsta samfunnshus der NAV i dag kopla saman førti bedrifter og eit tusentals arbeidssøkjarar på jobbmesse.
Nytt

Stinn brakke på jobbmesse

På same tid som folk blir permitterte og oppsagde over ein låg sko, er det òg mange bedrifter som manglar arbeidskraft og som har jobbar å tilby.

Administrator
30.03.2016
At bildet ikkje er heilsvart kom tydeleg fram i Ørsta der eit tusentals arbeidssøkjarar frå Søre Sunnmøre og Nordfjord i dag var samla til jobbmesse i NAV sin regi.
Samtlege av dei førti bedriftene som stilte på messa var på leiting etter folk med dei rette kvalifikasjonane til å fylle ledige stillingar som det er mange av i det landbaserte næringslivet for tida. Til saman mellom femti og hundre stillingar har dei deltakande bedriftene behov for å besette i det korte bildet.
- Mellom arbeidsgivarane som stiller på messa er det både dei med akutt behov for nytilsettingar og dei som har eit rekrutteringsbehov året rundt.
Det seier messekoordinator Per Aage Bjørke frå NAV sitt arbeidslivssenter i spissen for dei rundt femti NAV-tilsette som var engasjerte på jobbmessa i Ørsta samfunnshus.

Effektiv rekruttering

Ifølgje Bjørke er desse messene, som NAV etter kvart har fått god erfaring med å arrangere, ein veldig effektiv måte å rekruttere folk på. Jobbmessene er eit av NAV sine viktigaste tiltak for å få fleire ut i jobb.
Deltaking på jobbmesse er òg eit krav for å vere kvalifisert for mottak av dagpengar for arbeidsledige.
- Det er heilt sikkert nokre som vil få seg jobb i løpet av dagen, og langt fleire som kan vente seg å bli innkalla til jobbintervju i etterkant av messa, seier Bjørke

Saman for fyrste gong

Sjølv om NAV lokalt har arrangert fleire messe av dette slaget, er dette fyrste gongen NAV Søre Sunnmøre og Nordfjord går ut saman i brei front for å koble arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar med sikte på å minske køen av arbeidsledige.
- Her er langt fleire arbeidsledige enn dei tusen som er inviterte. Til denne messa har vi konsentrert oss om dei som vi meiner er kvalifiserte. Det vil mellom anna seie folk som snakkar brukbart norsk eller engelsk, seier Bjørke.

Stor mangel på folk

- I mange av dei lanbaserte næringane er det flust opp med ledige jobbar. Det merkar vi som jobbar med rekruttering til dagleg, og særleg stort er behovet innanfor bygg og anlegg. Tømrarar, rørleggarar og elektrikarar kan vi skaffe jobb til på dagen, og innanfor desse faga er det vanskeleg å skaffe nok kvalifiserte folk.
- Det seier Lene Moen Karlsen i bemanningsbyrået Verto As.
Frå hovudkontoret i Fosnavåg jobbar dei Verto-tilsette med å rekruttere arbeidskraft til bedrifter over heile Sunnmøre. I dag har dei også ein representant i Stavanger-området for å hjelpe til med å fylle jobbane som står ledige innanfor ulike næringar i Verto sin kundebase.

Må verkeleg jobbe

Moen Karlsen fortel at dei i dag verkeleg må jobbe for å få tak i folk. Tidlegare henta Verto mange frå Danmark, men etter at tidene har endra seg til det betre der satsar dei no på å hente folk frå andre kantar av Norge til ledige jobbar på Sunnmøre.
Ifølgje Moen Karlsen er behovet mykje sørre enn dei rundt tretti ledige stillingane som Verto for tida har utlyst skulle tyde på.
- Til mange av dei ledige stillingane kan vi gå direkte inn i basen vår og ta direkte kontakt med folk vi allereie har i systemet. Desse stillingane blir difor ikkje utlyste, forklarar ho.
I mange av dei landbaserte næringane er det flust opp med ledige jobbar

Publisert: 30.03.2016 16:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54