Stor dugnad for Laerdal
40 HUSLAUSE: 40 personar fordelt på 13 familiar mista bustaden sin i helga. 23 bygg brann heilt ned, to av dei var ein del av verneverdige gamle Lærdalsøyri. 
Nytt

Stor dugnad for Lærdal

- Dette er den største utfordringa sidan Dagmar, seier Asgeir Aase, distriktssjef for kraftforsyninga i Sogn og Fjordane. På få timar stilte energiselskapa med sju naudaggregat etter brannen i Lærdal. 

Ivar Myklebust Longvastøl
20.01.2014
- Vi møter ein fantastisk velvilje, seier Jan Olav Fretland på pressesenteret som er oppretta etter brannen (sjå faktaboks).
Han er formannskapsmedlem for SV og 1. amanuensis i norsk på Høgskulen i Sogndal og vart oppringt grytidleg måndag morgon av ordføraren med spørsmål om han kunne gjere ein innsats på pressesenteret i kjellaren på sjukehuset.

Energiselskapa stilte opp

- Vi vart kontakta søndag føremiddag og innsåg at det ville ta dagevis å reparere straumnettet. Dermed kontakta vi dei ulike energiselskapa for å få tilgang på aggregat. Sju aggregat vart fasa inn og det ser ut til å fungere bra, melder Asgeir Aase, til dagleg direktør i SFE Nett, i tillegg til oppgåva med å koordinere arbeidet for kraftselskapa når det oppstår krisesituasjonar.
- Sjukeheimen og andre offentlege bygg vart prioriterte og innfasa først, seier Aase, som hadde folk frå lokale Sognekraft, BKK, Sunnfjord Energi og SFE Nett i arbeid.

Hjartet i straumforsyninga

Ein transformatorstasjon på Lærdalsøyri vart skadd under brannen, og denne er ifølgje Aase sjølve hjartet i straumforsyninga i sentrum.
Energiselskapa har sin eigen plan for kva dei skal gjere i slike situasjonar, utarbeidd i samarbeid med Norges vassdrags- og energidirektorat.

Vanlegvis naturfenomen

- For oss er dette den største utfordringa sidan orkanen Dagmar for vel to år sidan. Brannen i Lærdal er på ein måte både større og mindre, seier Aase.
Vanlegvis er det når naturen viser seg fram i form av store nedbørsmengder, storm og orkan eller ras, at energiselskapa må mobilisere på denne måten.

Entreprenør råka

Jan Olav Fretland på pressesenteret er medeigar i eit entreprenørselskap og var med å levere Leca-stein søndag. Han fortel at alle entreprenørar i kommunen, innan bygg og anlegg og maskin, har meldt seg til teneste.
- Dette er fordelen med å bu i ei bygd, seier han.
Nokre har sjølv blitt råka, som Trond Einemo som mista eit lager i brannen.

Stor jobb å byggje

- Allereie no har vi nok hus til at dei huslause kan flytte inn mellombels, men det vert ein stor jobb å byggje opp att. Dei første forsikringsfolka er allereie på plass, så prosessen er i gang, seier Fretland.

Går på automatikk

Då NETT NO snakka med han måndag føremiddag var statsminister Erna Solberg og justisminister Anders Anundsen på besøk på Lærdal sjukehus og møtte pasientar og huslause. Mange av dei sat med oksygenmasker til behandling mot røykskader.
- Heldigvis vart ingen alvorleg skadde. Heile systemet fungerte godt, men for dei fleste av oss er det som har skjedd uverkeleg og folk går på automatikk, rapporterer Fretland.

NHO ventar spørsmål

Regiondirektør for Næringslivets Hovedorganisasjon i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, seier at NHO førebels ikkje har anna rolla enn å vise medkjensle med folk som har mista bustader og verdiar i brannen.
- Kjem det førespurnader, vil vi sjølvsagt vurdere det der og då. I hovudsak vil det nok dreie seg mest om assistanse til medlemsbedrifter som er skadelidande og treng råd og hjelp til dømes til erstatningsspørsmål. Det er dessutan tidleg i prosessen, og ingen har vel full oversikt over skadeomfanget enno, seier Stang.
Brannen i Lærdal er på ein måte både større og mindre

Publisert: 20.01.2014 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30