Griff aviation drone montasje leif johan holand jan emblemsvåg 11
KLARE FOR VEKST: NETT NO møtte påtroppande styreleiar Jan Emblemsvåg (oppe) og dagleg leiar Leif Johan Holand (nede) i Griff Aviation til eit digitalt intervju om satsinga droneselskapet i Sykkylven står framfor. Foto: Griff Aviation/skjermdump
Nytt

Klare til å ta av med dronefabrikk

Sykkylven har tradisjon for å skape eksportbedrifter og arbeidsplassar, påpeiker den nye styreleiaren i Griff Aviation. No tek dronebyggarane neste steg.

Marius Rosbach
24.04.2021

For ti dagar sidan slapp Griff Aviation nyheita om at dei hadde ein ny investor og meir kapital på plass. Sistemann med på laget er investeringsselskapet Ronja Capital som er eigd av brønnbåtreiar Roger Halsebakk og familien.

Med det japanske fondet Chiba Dojo Drone Fund med på laget frå før, har droneselskapet i Sykkylven henta inn 100 millionar kroner frå private investorar og det offentlege verkemiddelapparatet.

Pengane skal dei bruke til å få fart på sal, produksjon – og fleire arbeidsplassar. Når Jan Emblemsvåg etter planen blir valt som ny styreleiar neste veke, er det meste på plass for at bedrifta skal ta nye steg.

– Påverkar folk og bedrifter på ein positiv måte
Då NETT NO møter den påtroppande styreleiaren og dagleg leiar Leif Johan Holand til eit digitalt intervju, trekker Emblemsvåg linjer til tradisjonane i lokalmiljøet.

– Sykkylven er ein industrikommune der ein klarte å bygge opp møbelindustrien omtrent frå lause lufta, påpeiker Emblemsvåg.

Han trur ikkje det er tilfeldig at det nettopp her oppstår miljø som tek i bruk teknologi på nye måtar – til dømes å lage store dronar slik Griff Aviation gjer. Også den lokale møbelbransjen har vore tidleg ute med å automatisere og ta i bruk robotar til ein meir effektiv produksjon.

– Regionen har mange gode kort på handa med høg eksport, og ei historie med mange gründerar som har lukkast. Om ein ser utviklinga over tid, trur eg det påverkar folk og bedrifter på ein positiv måte ved å bu i ein region som har den industrierfaringa, fortel han.

Det er behov for å kome med nye idear, og kvifor ikkje dette
Jan Emblemsvåg

Trur på nytt industrieventyr
Jan Emblemsvåg har bakgrunn som bedriftsleiar frå mellom anna Rolls-Royce Marine, Vard, og sist oljeservicebedrifta Midsund Bruk. Dei siste åra har han skifta beite og gått til akademia som førsteamanuensis ved NTNU.

Men interessa har mangslungen og den påtroppande styreleiaren har allereie vore konsulent for droneutviklarane sidan 2019.

No trur han Griff Aviation kan stå ved starten til eit nytt industrieventyr, som kan gi ringverknader, både for Sykkylven, regionen – og på sikt kanskje nasjonalt.

– Norge er ekstremt dominert av olje- og gass, som vi veit er ein industri på lånt tid. Det er behov for å kome med nye idear, og kvifor ikkje dette, spør Emblemsvåg – og følgjer opp med argument som Norges gode rykte til å produsere kvalitetsprodukt og at regionen er vande med å jobbe med eksport.

Torbjørn Røe Isaksen Leif Johan Holand Griff Avition foto Ogne
VEKT MERKSEMD: Dronane til Sykkylven-bedrifta har vekt merksemd. Her viste Leif Johan Holand fram teknologien til dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i 2018. Foto: Ogne Øyehaug
Eg trur dette kan vere noko veldig bra, og at vi ikkje har oversikt over alle moglegheitene enno
Jan Emblemsvåg

Vil erstatte bruk av helikopter
Grunnlaget for det heile, er teknologien som Sykkylven-bedrifta har utvikla. Den første dronen heiter Griff 135, er 2,5 ganger 2,5 meter i omkrins og kan løfte 60 kilo. Med andre ord noko heilt anna enn dronane som har blitt populære til hobbybruk og filmproduksjon.

Dei har allereie starta den kommersielle leveransen, og dei første dronane er selt i Canada, USA, Japan og Australia. Fleire utviklingsprosjekt er også i gong. Kraftselskap, større byggeprosjekt, hamner, offshorereiarlag og eller aktørar i bymiljø er aktuelle kundar – og målet på sikt er å lage dronar som kan erstatte ein del bruk av helikopter.

– Eg trur dette kan vere noko veldig bra, og at vi ikkje har oversikt over alle moglegheitene enno, er Jan Emblemsvåg sin førebelse konklusjon - og han er ikkje åleine om å ha trua.

Trur på seks-sju nye tilsette innan året
Investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital, kalla Griff Aviation det «kulaste caset» han såg om dagen, i samtale med Finansavisen.

Investeringsselskapet har til no gått inn med 40 millionar, og Tønseth trur det vil vere mogleg å gjere ti-gangaren på pengane innan eitt til to år. Børsnotering blir også nemnt.

Griff aviation lansering foto griff aviation 11
LANSERING: Griff Aviation-teamet førebur lanseringa av første drone på den nasjonale dronekonferansen i Bodø i 2018. Foto: Griff Aviation

Første mål er å sikre nokre større kontraktar og deretter hente inn meir kapital til hausten.

– Då aukar vi produksjonen og då blir det også fleire tilsette. I første omgang treng vi truleg seks-sju tilsette i år, eller tidleg neste år, fortel dagleg leiar Leif Johan Holand til NETT NO.

I dag teller arbeidsstokken til droneselskapet 17 tilsette.

Skal utdanne dronepilotar
Gründeren fortel at dei både vil ha behov for folk til å leie produksjonen og ingeniørar med bakgrunn i elektro eller mekanikk.

– Nokon må også kunne fly, eller bli opplært til å fly, fortel han.

Ikkje alle må jobbe i Sykkylven, og dei er opne for å tilsette folk med spisskompetanse som held til andre stader.

Men Holand gler seg spesielt over å kunne importere kompetanse til regionen. Så langt har han tilsett ingeniørar frå Tsjekkia, Sveits og Danmark som har flytta til Sunnmøre.

Droneselskapet jobbar med eit undervisningsopplegg dei har kalla Griff Academy. Tanken er at kundar kan sende nøkkelpersonar hit for å få praktisk og teoretisk utdanning til å handtere dronane.

Griff Aviation drone 135 foto Griff Aviation 11
KAN LØFTE 60 KILO: Griff 135 kan løfte opptil 60 kilo, men er designet for å transportere 30 kilo på turer på opptil 25 minutter. Dronen er 2,5 ganger 2,5 meter i omkrets og veier 70 kilo. Foto: Griff Aviation

– Krevjande å vekse
Koronapandemien kom på eit ugunstig tidspunkt for eit selskap som er avhengig av å reise ut for å møte nye kundar og presentere eit ukjent produkt.

Påtroppande styreleiar Jan Emblemsvåg legg ikkje skjul på at det siste året har vore krevjande. No kryssar han fingrane for at smittesituasjonen gjer teknologiselskapet moglegheita til å gi tilstrekkeleg gass framover.

Det kjem eit vindauge no, og vi ventar berre på når det eksploderer
Leif Johan Holand

Utfordringa i ei oppskaleringsfase vil bli å få inn produksjonsvolum og inntekter.

– Det er relativt krevjande å vekse ved at ein må halde balansen i marknadsetterspurnaden og kostnadene til ei kvar tid. Og eit teknologiselskap må gjerne ha ekstra mykje gass, påpeiker Emblemsvåg.

– Ventar berre på når det eksploderer
Griff Aviation-gründer Leif Johan Holand gjer ikkje noko forsøk på å skjule entusiasmen og det er kanskje ikkje så rart.

Marknaden for industrielle dronar er spådd å vekse kraftig framover, og selskapet han starta i 2015 har no klart å opparbeida seg eit namn i bransjen.

– Det kjem eit vindauge no, og vi ventar berre på når det eksploderer. Vi føler at det blir nærare og nærare, og er freista til å tilsette fleire enn vi har behov for, for å vere klar for å ta denne marknaden, avsluttar Holand.

Sjå video frå lanseringa av den første drona i 2018:


Publisert: 24.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 08.03.2023 12:23

Mer om