Griff aviation leif johan holand foto griff ogne 11
TUNG LAST: Den største dronen til Griff Aviation kan frakte opptil 60 kilo last. Dagleg leiar Leif Johan Holand håpar å lande første kontrakt i år. Foto Griff Aviation.
Nytt

Håpar på første storkontrakt i år

Korona bremsa salsarbeidet, men innan året er omme håpar Griff Aviation å lande si første store kontrakt.

14.10.2021

Hittil har helikopterdroneselskapet i Sykkylven seld dronar på utviklingkontraktar, til kundar som vil prøve dei fjernstyrte dronane.

Då den verdsomspennande korornaepidemien kom i mars i fjor var Griff Aviation kort tid unna å sikre seg si første større kontrakt, men så blei alt sett på vent. ifølgje medgrunnleggar Leif Johan Holand.

Etterkvart som verdsamfunnet har opna igjen har Griff Aviation på ny kunne reist til moglege kundar for å demonstrere drona.

I år har selskapet besøkt USA to gongar, neste mål er India og deretter Japan.

Holand ventar at den første større kontrakten - på fleire titals dronar - er i boks i løpet av året.

Utvikling
Den ufrivillege pausa i salsarbeidet som koronaepidemien førte til har selskapet brukt på utviklingsarbeid, slik at det på det feltet er kome lenger enn kva som var planlagt før epidemien, ifølgje Holand.

(saka held fram under)

- Vi har utvikla neste generasjon (drone, red.merk) som vi skulle gjere i -22 og -23, seier han.

Grunnlaget for det heile, er teknologien som Sykkylven-bedrifta har utvikla. Den første dronen heiter Griff 135 og den nye GRIFF 165, er 2,5 ganger 2,5 meter i omkrins og kan løfte 30 og 60 kilo. Med andre ord noko heilt anna enn dronane som har blitt populære til hobbybruk og filmproduksjon.

Dronane er bygd for å frakte last, og Holand peikar på tre marknadar i første omgang, selskap som byggjer kraftliner, entreprenørar som byggjer langt for eksisterande infrastruktur - til dømes dammar til vassmagasin, og militæret - som vil bruke dronar til frakt av forsyningar i stridsområde.

Halsebakk på eigarsida
Tidlegare i år gjekk Halsebakkfamiliens investeringsselskap Ronja Capital II inn på eigarsida i ein emisjon som verdsette selskapet til 250 millionar kroner og gjorde Ronja Capital II til eigar av 18,42 prosent av aksjane.

Forseinkingane i salsarbeidet som koronaepeidemien har ført til gjer at selskapet snart vil gjennomføre ein ny, mindre emisjon, retta mot eksisterande eigarar, ifølgje Holand.

Griff Aviation as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt8,218,2
Driftsresultat1,62,0
Resultat før skatt-0,050,4

Publisert: 14.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 08.03.2023 12:22

Mer om