Stor interesse for å reise etter gjenopninga
Reiselysta er tilbake på 2019-nivå. Mange vil til utlandet.
Reiselysta til nordmenn verkar umetteleg etter gjenopninga. På nettstaden Finn er trafikken på reisesidene no tilbake på 2019-nivå.
Reisehungrige nordmenn har leita etter alt frå flybillettar og pakkereiser til leigebil, hotell og feriehus etter at landet vart gjenopna.
Eksplosiv vekst
Nettstaden Finn seier dei opplevde ein eksplosiv vekst for reiser til utlandet etter gjenopninga, og at dei førre veke hadde over ein halv million besøk til sine reisesider.
– Den totale trafikken for Finn reise er no tilbake på 2019-nivå, og det er jo veldig gledeleg å sjå for reiselivsbransjen, seier kommersiell direktør Terje Berge i Finn Reise.
– I gjenopningshelga såg vi ein trafikkvekst på nesten 300 prosent, så det er heilt klart at mange nordmenn er klare for ein utanlandsferie eller tur no.
Oppspart behov
Han spår at trenden vi ser no, kjem til å forsterke seg ytterlegare i tida som kjem.
– Det er klart at det ligg eit oppspart behov her no for mange, etter halvtanna år med reiserestriksjonar. Om det spreier seg utover, eller om folk slår til med éin gong, vil nok variere.
Publisert: 01.10.2021 15:41
Sist oppdatert: 01.10.2021 15:54