Dronning Sonja Richard Grov Arne Hjeltnes
TREKKPLASTER: Gondolbanen frå fjøresteinane ved Hotel Alexandra til toppen av fjellet Hoven i Loen har blitt eit trekkplaster for som kjem heile Hotel Alexandra-konsernet til gode. Biletet er frå opninga av gondolbanen i mai 2017, der Dronning Sonja sto for opninga. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Takkar Stortinget og regjeringa etter knallår

Richard Grov og Hotel Alexandra-konsernet hadde eitt av sine mest lønsame år i fjor.

14.09.2021

Hotel Alexandra-sjef og storaksjonær Richard Grov såg fanden på veggen då koronapandemien kom i mars 2020 og hotellet måtte stenge av smittevernomsyn.

Men snart lysna det, og 2020 blei eitt av dei mest lønsame åra Hotel Alexandra-konsernet har hatt (sjå tabell).

Hotel Alexandra as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt208,6226,3
Driftsresultat34,718,1
Resultat før skatt17,92,2

Den viktigaste forklaringa på at det gjekk så bra er alle dei ulike støttetiltaka og letta i vilkår for å drive selskapet som kom for å gjere det lettare for næringslivet gjennom koronakrisa. Konsernet ville gått i pluss også utan denne hjelpa, men det ville blitt eit lite overskot, ifølgje Grov.

Han understrekar fleire gongar i samtalen med NETT NO takksemd til styresmaktene.

- Vi er veldig takksame for at Stortinget og regjeringa har hjelpt oss gjennom denne krisa, seier Grov.

Betre vilkår
Grov listar opp tiltaka som gjorde det økonomisk lettare etter at koronapandemien kom:

  • Høve til å ta opp statsgaranterte lån for å sikre likviditet.
  • Endra permitteringsreglar reduserte tida bedriftene måtte dekke utbetalinga til dei permitterte.
  • Kontantstøtte til bedrifter med stort inntektsfall.
  • Redusert moms-sats for reiselivsbransjen fr 12 til seks prosent.

Alt dette snudde raskt svartsyn til optimisme, og vilje til å satse, ifølgje Grov.

Minst like bra i år
Norske gjestar gjorde sommarsesongen svært god i 2020, og marknaden var bra godt ut i oktober, før innstrammingar i smitteverntiltaka.

Den innstramminga gjorde at det var liten aktivitet både i slutten av 2020 og i starten av 2021.

Men i mai i år tok marknaden seg kraftig opp. Nett no er driftsinntektene så langt i år nesten på nivå med same periode i 2019, og Grov anslår at lønsemda i år blir betre enn i fjor.

- Eg har ein god magefølelse av at vi kjem ut betre enn i fjor, seier han.

To hotell og gondol
Hotel Alexandra-konsernet omfattar Hotel Alexandra og sesonghotellet Hotel Loenfjord, gondolselskapet Loen Skylift, restaurantselskapet Hoven Restaurant og aktivitetsselskapet Loen Active, i tillegg til eit eigedomsselskap.

Richard Grov og familiemedlemer er største aksjonær gjennom selskapet Grov as, som eig 34,9 prosent av Hotel Alexandra-konsernet.

Publisert: 14.09.2021 16:15

Sist oppdatert: 14.09.2021 17:45

Mer om