Finnøy gear innfelt nils erling finnøy foto finnøy gear 22
FINNØY: Det er godt med arbeid for dagleg leiar Nils Erling Finnøy (innfelt) og dei 55 tilsette ved Finnøy Gear & Propeller. Foto: Finnøy Gear & Propeller
Nytt

Stor optimisme etter utfordrande år

Ei rekke oppdrag vart utsette grunna korona. No er det full fart for familiebedrifta som har vore i bransjen i meir enn 135 år.

20.07.2022

- Omsetning og resultat i 2021 er prega av store forseinkingar ved fleire utanlandske verft grunna korona.

- På grunn av dette har verfta valt å utsetje levering av anlegg frå oss opptil tre til seks månader.

Slik forklarer dagleg leiar Nils Erling Finnøy ved Finnøy Gear & Propeller den lavare omsetninga og det reduserte resultatet i 2021, i høve til 2020.

Omsetninga på 99,2 millionar kroner var likevel den fjerde høgste for eit selskap som har vore familieeigd i over 135 år.

Finnøy Gear & Propeller
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 99,2 107,7
Driftsresultat 1,2 5
Resultat før skatt 1,2 4,7

Mykje eksport
Finnøy Gear & Propeller leverer gir, propellar, dyser og fjernstyring til sjøs frå basen på Finnøy ved Harøya.

Grunnleggjaren Nils N. Finnøy vert rekna som skaparen av den første norske båtmotoren for fiskeflåten, og selskapet har vakse til ein internasjonal aktør.

- Eksportandelen er no rundt 60 prosent, seier Nils Erling Finnøy til NETT NO.

Eksportandelen er no rundt 60 prosent
Nils Erling Finnøy

Mest fiskefartøy

Han fortel om høg aktivitet i år.

- Hovedsakleg går våre leveransar til fiskefartøy, samt brønnbåtar, arbeidsbåtar og slaktebåtar til havbruk.

- I tillegg skal vi levere til seismikkskip og fleire forskingsfartøy.

Selskapet har alltid hatt hovudbasen på Finnøy, men har sidan 2019 hatt salskontor ved Lerstadvegen i Ålesund.

Ny tidsrekning
I august startar ei ny tidsrekning, når siste delen av Nordøyvegen opnar. Det ser Finnøy fram til.

- For oss vil det bety at frakt av gods og personelltrafikk kan gå utan å heile tida måtte tilpasse oss til ferjeavgangane.

- I tillegg vil vi få ein større arbeidsmarknad å rekruttere tilsette frå.

Selskapet har no 55 tilsette.

Eigenkapitalen er på 22,4 millionar kroner, og den langsiktige gjelda er null.

Det er tolv eigarar, alle med etternamn Finnøy, der Nils Erling Finnøy er størst med 24,9 prosent av aksjane.

Publisert: 20.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 20.07.2022 12:49

Mer om