NTB Be Vfw Voxgr A 2
LOVAR MEIR: Storbritannia vil garantere vindkraftutbyggarane til havs ein betre pris, både for botnfaste og flytande anlegg. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Storbritannia vil auke vindkraftgaranti

Skal lokke vindkraftselskap til meir utbygging etter fiasko-utlysning.

17.11.2023

Tidlegare i år var det ingen som ville vere med då den britiske regjeringa lyste ut ein konkurranse om løyve å bygge ut meir vindkraft til havs.

Kostnadane for slik utbygging har stige, og vilkåra regjeringa tilbaud i årets utlysning var ikkje gode nok til å freiste vindkraftselskapa.

No vil regjeringa gjere vilkåra meir forlokkande i framtidige utlysningar, skriv Financial Times.

Kan behalde meir
Det er er den såkalla"strike price-", innslagsprisavtalane med regjeringa som skal aukast kraftig, opp 66 prosent for vindkraftanlegg på grunt vatn og står på botnen.

Det er den prisen staten garanterer at vindkraftselskapa skal få betalt. Er marknadsprisen høgare må vindkraftselskapa betale attende det overskytande.

Vindkraftselskapa kan med andre ord rekne med høgare inntekter, og til Financial Times seier Storbritannia-sjef for det danske energiselskapet Ørsted, Duncan Clark, at: "Dette er ein klar indikasjon frå regjeringa på at havvind kan og vil vere ryggraden i vår framtidige energimiks."

Viktig for Nordvestlandet
Internasjonale vindkraftindustri til havs har opplevd fleire tilbakeslag det siste året, med kostnadsauke og avlyste utbyggingar.

Vindkraftmarknaden har gitt store og kjærkomne nybyggingskontraktar til verft på Nordvestlandet sidan i fjor sommar. Seinast i førre månad signerte Vard kontrakt på to skip som skal brukast ved bygging og vedlikehald av vindkraftanlegg.

I 2022 blei for første gang oppdrag knytt til utbygging og drift av vindkraftanlegg til havs den største einskildmarknaden for bedriftene i den maritime klynga.

Den marknaden står for 17 prosent av driftsinntektene, ifølgje analysen Menon Economics utarbeidde for GCE Blue Maritime og offentleggjorde i september 2023.

Publisert: 17.11.2023 09:22

Sist oppdatert: 17.11.2023 09:23