Stordal Møbel produserer sofa og stolar i premiumsjiktet, med fokus på kvalitet. Selskapet har eigen produksjon i Stordal i tillegg til administrasjon, salg og produktutvikling. Det er rundt 25 tilsette i Stordal, i tillegg til eit par selgarar og agentar på eksportmarknaden.
- Vi nyttar også mange underleverandørar i den sunnmørske møbelklynga, seier arbeidande styreformann Ole-Håvard Stavseng.
Selskapet hadde i fjor stor vekst i omsetninga, og driftsinntektene auka frå 25 millionar i 2014 til nesten 38 millionar kroner i 2015 (sjå tabell).
Stordal Møbel leverer til Møbelringen og Fagmøbler, men også til frittståande butikkar. Knapt 20 prosent av omsetninga går til eksport. Frankrike er største marknaden, i tillegg til Belgia, Tyskland og litt til India.
- Vi har eit langsiktig strategisk prosjekt mot India, og der vi har ein importør som har forhandlar og distributørrettar, seier Stavseng.
- Det er viktig å levere kvalitet heile vegen og organisasjonen skal også henge med. Dette er også ein bransje som svingar, og der vi er prisgitt marknaden. Men vi jobbar for fullt, og har lansert mange nye produkt og konsept siste åra.
Dei budsjetterar bevisst med lite vekst i år, sjølv om prognosane no tyder på at det blir ein liten vekst i 2016. Resultatet før skatt siste to åra ligg på rundt 800-900.000 kroner.
- Vi er fornøgd med resultatet, tatt i betraktning at vi også har investert mykje siste par åra i produktutvikling, produksjonsteknologi og datastyrt tekstilskjerar. Vi er no rigga for vekst og har god kapasitet. Men det kostar å vekse, og vi tar det steg for steg. Det er møbelkjedene som set mange av premissane, og der det er sterk priskonkurranse. Men vi må samarbeide med dei så godt vi kan, seier han.
Ifølge Stavseng, jobbar dei no med mange spennande produkt og konsept som skal lanserast på nyåret.
- Vi hadde satsa stort og brukte mange millionar i Tyskland då krakket kom. Og vi hadde kostnader som ikkje var råd å reversere, sa Stavseng.
Som fersk leverandør var Stordal Møbel mellom dei fyrste som rauk ut. Sverige rauk også i same slengen, og med erfaring frå det som skjedde i 2008-2009 satsar Stordal i dag på færre marknader og færre produktvariantar.
Les også:
På toppen i 2006 leia Stavseng ein fabrikk med 90 tilsette og ei årsomsetning på 120 millionar kroner. Over halvparten av omsetninga den kom frå den franske marknaden.
Den tradisjonsrike bedrifta vart starta i 1932, og Ole-Håvard Stavseng er no tredje generasjon som driv Stordal Møbel.
Det er far hans, Gunnar Stavseng, som står som majoritetseigar med 67 prosent via selskapet Stordal Trading Ltd as. Bjarte Falch Pedersen eig 33 prosent av Stordal Møbel via Isv Finans as.
- Vi nyttar også mange underleverandørar i den sunnmørske møbelklynga, seier arbeidande styreformann Ole-Håvard Stavseng.
Selskapet hadde i fjor stor vekst i omsetninga, og driftsinntektene auka frå 25 millionar i 2014 til nesten 38 millionar kroner i 2015 (sjå tabell).
Stordal Møbel leverer til Møbelringen og Fagmøbler, men også til frittståande butikkar. Knapt 20 prosent av omsetninga går til eksport. Frankrike er største marknaden, i tillegg til Belgia, Tyskland og litt til India.
- Vi har eit langsiktig strategisk prosjekt mot India, og der vi har ein importør som har forhandlar og distributørrettar, seier Stavseng.
Vil ha kontrollert vekst
Han er godt fornøgd med veksten, men påpeikar at det er viktig å klare å ha ein kontrollert vekst.- Det er viktig å levere kvalitet heile vegen og organisasjonen skal også henge med. Dette er også ein bransje som svingar, og der vi er prisgitt marknaden. Men vi jobbar for fullt, og har lansert mange nye produkt og konsept siste åra.
Dei budsjetterar bevisst med lite vekst i år, sjølv om prognosane no tyder på at det blir ein liten vekst i 2016. Resultatet før skatt siste to åra ligg på rundt 800-900.000 kroner.
- Vi er fornøgd med resultatet, tatt i betraktning at vi også har investert mykje siste par åra i produktutvikling, produksjonsteknologi og datastyrt tekstilskjerar. Vi er no rigga for vekst og har god kapasitet. Men det kostar å vekse, og vi tar det steg for steg. Det er møbelkjedene som set mange av premissane, og der det er sterk priskonkurranse. Men vi må samarbeide med dei så godt vi kan, seier han.
Ifølge Stavseng, jobbar dei no med mange spennande produkt og konsept som skal lanserast på nyåret.
På veg opp igjen etter konkursen
Dermed er Stordal Møbel godt i gong igjen etter konkursen i 2013. Gunnar Stavseng sa til NETT NO i februar i fjor at konkursen ikkje var til å unngå fordi bedrifta hadde satsa på forventningar som forsvann med finanskrisa.- Vi hadde satsa stort og brukte mange millionar i Tyskland då krakket kom. Og vi hadde kostnader som ikkje var råd å reversere, sa Stavseng.
Som fersk leverandør var Stordal Møbel mellom dei fyrste som rauk ut. Sverige rauk også i same slengen, og med erfaring frå det som skjedde i 2008-2009 satsar Stordal i dag på færre marknader og færre produktvariantar.
Les også:
På toppen i 2006 leia Stavseng ein fabrikk med 90 tilsette og ei årsomsetning på 120 millionar kroner. Over halvparten av omsetninga den kom frå den franske marknaden.
Svak krone
Stordal Møbel importerer hud og tekstilar fra Europa og også nokre komponenter frå Baltikum. Når krona er svak i forhold til euro, slår dette negativt ut for Stordal Møbel. Sjølv om dei også sel noko på eksportmarknaden, og som får drahjelp av svak krone, vil ikke dette kompensere for den negative kroneeffekten ved importen.Den tradisjonsrike bedrifta vart starta i 1932, og Ole-Håvard Stavseng er no tredje generasjon som driv Stordal Møbel.
Det er far hans, Gunnar Stavseng, som står som majoritetseigar med 67 prosent via selskapet Stordal Trading Ltd as. Bjarte Falch Pedersen eig 33 prosent av Stordal Møbel via Isv Finans as.
Vi er no rigga for vekst og har god kapasitet. Men det kostar å vekse, og vi tar det steg for steg
Publisert: 26.08.2016 16:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59